Malin Ewerlöf (fødd 2. juni 1972) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Gävle. Ho vann sølvmedaljen på 800-meteren under Friidretts-EM 1998 i Budapest.

Malin Ewerlöf


Statsborgarskap Sverige
Fødd 2. juni 1972 (51 år)
Gävle
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Ewerlöf sprang inn til siger i juniorklassa både i VM i terrengløp 1989 og på 1500 meter ved EM 1991. Ho lukkast ikkje ta seg til meisterskapsfinale i seniortevling før 1997. Den sommaren sette ho personleg rekord på 1500 meter med 4.05,4 ved eit stemne i Luzern. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten enda ho på tiandeplassen på distansen. Ved europameisterskapen 1998 i Budapest sette Ewerlöf med tida 1.59,44 svensk rekord i semifinalane. I finalen overraska ho med å ta sølvmedaljen, over sekundet bak den suverene vinnaren frå Russland.

Perioden 1990-99 vann Ewerlöf 1500-meteren i sju svenske meisterskap og 800-meteren i seks. Ho sikra seg elles fire SM-gull i terrengløp og sigra i 2005 i SM i maratonløping.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre