Jelena Afanasieva

(Omdirigert frå Jelena Afanasjeva)

Jelena Aleksandrovna Afanasieva, fødd Vlasova, (fødd 1. mars 1967) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kulebaki som i 1998 vart europameister på 800 meter, året etter ho vann VM-sølv på distansen.

Jelena Afanasieva


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 1. mars 1967 (57 år)
Kulebaki
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Jelena Vlasova sette personbeste på 800 meter med sterke 1.57,77 i 1988-sesongen, ei bestetid ho forbetra fyrst ni år seinare. Ho kom tilbake i 1991 som Jelena Afanasieva og sikra seg bronsen ved innandørs-EM 1992 i Genova, bakom Ella Kovacs frå Romania og sin eigen lagkamerat Inna Jevsejeva. Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart rauk Afanasieva ut allereie i forsøksløpet. I innandørs-VM 1995 i Barcelona sprang ho inn til andreplass, slått av Maria Mutola frå Mosambik. Sommaren 1995 vart Afanasieva russisk meister på 800 m, derimot enda VM 1995 i Göteborg med at ho vart slått ut i semifinalen. Under dei olympiske leikane 1996 tangerte Afanasieva den personlege rekorden på 1.57,77 i semifinalen, i finalen vart ho nummer fem med 1.59,57.

Afanasieva kneip sølvmedaljen på 800 m ved VM 1997 i Aten. Med tida 1.57,56 slo ho Maria Mutola med 0,03 sekund, Ana Fidelia Quirot frå Cuba vann løpet. Ei veke etter verdsmeisterskapen gjorde Afanasieva sitt livs beste løp då ho deltok i Weltklasse Zürich, tida 1.56,61 vart verande hennar personbeste. Sommaren 1998 vart Afanasieva russisk meister på 800 meter for andre gong. Under europameisterskapen 1998 i Budapest var ho den klart sterkaste løparen i feltet og vann gull på tida 1.58,50, med svenske Malin Ewerlöf og Stephanie Graf frå Austerrike på dei andre pallplassane.

Afanasieva slutta tevle internasjonalt i 2001.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre