Mallikøya

(Omdirigert frå Mallikjuaq Island)

Mallikøya (eventuelt Mallikjuaqøya, tyder 'stor bølgje')[1] er ei folketom øy i det kanadiske polararkipelet som ligg i Qikiqtaalukregionen i Nunavut i Canada. Ho ligg i Hudsonsundet mellom Foxehalvøya på Baffinøya og Dorsetøya. Mallik- og Dorsetøya er bundne saman av sand og kampesteinar. Kinngait (Cape Dorset), ein inuittisk busetnad, ligg rundt 4,5 kilometer (2,8 mi) unna.[2]

Mallikøya
Mallik Island
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Kart
Mallikøya
64°14′N 76°38′W / 64.23°N 76.63°W / 64.23; -76.63

Geografi

endre

Øya har ulike høgder. Den vestlege delen er høgast, på 274 meter (899 ft) over havet.[3] I tillegg til låge fjell finst det fossar og vatn på øya.[4]

Kvitkval, rein, vandrefalk, isbjørn, sel og snøugle finst i området.[1]

Øya er kjenneteikna av runde åsar og låge tundradalar, der det veks tundrablomar.[1]

Territorial Park

endre

Mallikjuaq Territorial Park dekkjer både Mallik- og Dorsetøya. Han er kjend for arkeologiske spor etter Thulekulturen, Dorsetkulturen og inuittar frå så lenge sidan som 3000 år.[4] Frå Cape Dorset kan ein ved lågvatn nå Mallikjuaq Park på rundt 45 minutes. Ein kan også nå staden med båt.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Mallikjuaq Territorial Park» (PDF). New Parks North (dsp-psd.pwgsc.gc.ca) 10: 34. March 2001. 
  2. «Mallik Island». travelingluck.com. Henta 16. februar 2009. 
  3. «Sector13.HudsonStrait» (PDF). National Geospatial Intelligence Agency. pollux.nss.nima.mil. s. 14. Arkivert frå originalen (PDF) October 24, 2004. Henta 16. februar 2009. 
  4. 4,0 4,1 «Features». nunavutparks.com. Arkivert frå originalen 14. juli 2011. 
  5. Canada. Lonely Planet. 2005. s. 839. ISBN 1-74059-773-7.