Maloje More
Maloje More (russisk skrift Малое Море, «Det vesle havet») er eit sund i Bajkalsjøen i Russland. Det går mellom øya Olkhon og vestsida av Bajkalsjøen. Sundet er om lag 8 km lang og 1,7 km breitt med ei djupne på 200 meter.[1]
Maloje More er rikt på fisk og vatnet her er varma opp til 20-25 °C.[1]
Elva Sarma renn ut i Maloje More.
Sundet er eit resultat av millionar av år med tektoniske rørsler, som har skapt ei senking mellom land og ei steinblokk som har skapt øya Olkhon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Small Sea Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Maloje More Arkivert 2005-05-02 ved Wayback Machine. (russisk)