Opna hovudmenyen

Panel er bordkledning brukt innvendig eller utvendig på veggar i hus. Utvendig panel vernar huset mot fukt og vind, og kan vere sett opp av høvla eller uhøvla material, som ståande eller liggande kleding. Innvendig panel er oftast høvla, i eit mangfald av profilar, som i velstandshus kan nærme seg det ornamentale.

Ornamental panel i Slottet i Blois i Frankrike.

Innvendig panelEndra

Innvendig panel er oftast 12-19 mm tjukke og frå 76 mm breie. Vanleg handelspanel er til dømes møllestuepanel, pernillepanel, laftpanel.

Utvendig panelEndra

Utvendig panel – ofte kalla bordkledning – er sett opp av ståande eller liggande bord, oftast 18 -24 mm tjukke og frå 96 mm breie. Vanlege paneltypar på hus er til dømes tømmermannspanel og vestlandspanel, på uthus òg låvepanel og lektpanel.

Andre tydingarEndra

Eit panel kan og vere ei samansett gruppe personar som i ein gjeven samanheng skal take stilling til eit dagsaktuelt tema, gjerne med ordstyrar til stades og med spørsmål frå eit publikum.