Manifest for demokratisering av Europa

Manifest for demokratisering av Europa er eit manifest frå 120 intellektuelle frå 16 europeiske land, med økonomen Thomas Piketty i brodden[1], der dei tek til orde for ei restrukturering av Den europeiske unionen, for å gjera han meir demokratisk [1][2]. Manifestet nemner fleire konkrete tiltak, men tek til orde for ein omfattande diskusjon av tiltaka[3].

Demokratisering og effektivisering endre

Manifestet tek til orde for eit europeisk parlament med større fullmakter enn i dag, til erstatning for den teknokratiske styreforma ein har i dag. Det vert gjort framlegg om at 80 % av delegatane til det europeiske parlamentet skal koma frå dei nasjonale parlamenta, der talet på representantar kra kvart nasjonalt parlament står i høve til folketalet. Målet er at det europeiske parlamentet skal representera folkemeininga på ein meir rettferdig måte.

Det vert teke til orde for å gi det europeiske parlamentet avgjerande makt, meir på linje med dei nasjonale parlamenta. På den måten vonar ein å unngå at enkeltland blokkerer viktige framsteg. Dette vert sett på som ein måte å effektivisera styreforma på.

Økonomi endre

Manifestet tek til orde for eit større europeisk budsjett og ei meir rettferdig skatteinnkrevjing. Forslaget går ut på at budsjettet i hovudsak skal koma frå fire store bidrag:

  • store føretak, spesielt multinasjonale føretak, betaler skatt etter forteneste
  • auka skatt på inntekt over € 200.000 per år
  • auka skatt på formuar over 1.000.000 euroo.
  • ei skattelegging av fossilt drivstoff, for å redusera utsleppa av karbondioksys. Det vert argumentert for ei avgift på minimum € 30 per tonn

Målet er å firedobla EU-budsjettet. Det er tenkt at halvparten av budsjettet skal gå attende til dei nasjonale budsjetta, ein fjerdedel skal brukast til forsking og utdanning og resten skal fordelast til andre føremål.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Nous lançons aujourd’hui un appel pour transformer les institutions et les politiques européennes, Le Monde, 8/12-2018.
  2. 'Manifest om demokratiseringen af Europa', Politeken, 10/12-2018.
  3. 'Manifeste pour la dẽmoncratisation de l'Europe'

Bakgrunnsstoff endre