60°30′N 29°25′E / 60.500°N 29.417°E / 60.500; 29.417 Mannerheimlinja var ei defensiv fortifikasjonslinjeDet karelske neset som Finland anla som ei forsvarslinje mot Sovjetunionen. Linja fekk, særleg av internasjonale journalistar, namn etter Carl Gustaf Mannerheim som var den finske øvstkommanderande. Nokon av den hardaste kampane i vinterkrigen vart utkjempa langs denne linja.

Mannerheimlinjen strekkjer seg frå Finskebukta til Ladoga

Dei første planane om ei forsvarslinje over Det karelske neset vart utarbeidd allereie under den finske borgarkrigen i 1918 av Carl Gustaf Mannerheim, men desse planane vart lagde til sides etter at Mannerheim gjekk av etter borgarkrigen.

Infanteri i skyttergravene langs Mannerheimlinjen

Linja vart så anlagd på 1920- og 30-talet og strekte seg heile vegen frå Finskebukta til Ladoga. Den var laga av rundt to hundre betongforsterka bunkerar for maskingevær.

I motsetnad til Maginotlinja og andre tilsvarande forsvarslinjer som hadde enorme bunkerar og andre konstruksjonar, utnytta Mannerheimlinja i første rekkje dei høva som låg i terrenget, som til dømes store tre, steinar etc, og utstrakt kamuflasje av menneskelaga installasjonar. Men hovudsakleg bestod Mannerheimlinja av skyttergravar og andre ordinære feltfortifikasjonar. Dei bunkerane som fanst, var stort sett ganske små og spreidde over store område, og linja hadde praktisk talt ikkje noko fast artilleri.

Under Vinterkrigen stansa linja den sovjetiske framrykkinga i to månader, til stor sovjetisk frustrasjon. Etter Vinterkrigen overdreiv difor den sovjetiske propagandaen og den offisielle krigshistoria Mannerheimslinja sin styrke for å forklara den svake sovjetiske innsatsen i angrepet mot denne.

Under framhaldskrigen hadde linja liten funksjon, både under den finske framrykkinga i 1941 og den russiske motoffensiven i 1944.

Området ligg no i Russland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre