Mannskap på tredje «Fram»-ferda
Wikimedia-listeartikkel
Dette er ei oversikt over over mannskapet på «Fram» på den tredje «Fram»-ferda.
Desse ni gjekk i land og overvintra på ekspedisjonsleiren Framheim:
- Roald Engelbregt Gravning Amundsen, leiar av ekspedisjonen og på Sydpolferda.
- Helmer Julius Hanssen, hundeførar og navigatør, deltok på Sydpolferda.
- Sverre Hassel, hundeførar og navigatør, deltok på Sydpolferda. Var og med på andre Framferda.
- Olav Olavson Bjaaland, skimakar, altmoglegmann, deltok på Sydpolferda.
- Oscar Wisting, navigatør, altmoglegmann, deltok på Sydpolferda.
- Kristian Prestrud, Leiar for sledeferda til Edward VII land.
- Fredrik Hjalmar Johansen, hundeførar, altmoglegmann, deltok på sledeferda til Edward VII land
- Jørgen Stubberud, snikkar, altmoglegmann, deltok på sledeferda til Edward VII land
- Adolf Henrik Lindstrøm, stuert, var åleine på Framheim i seks veker når dei andre var på ekspedisjon.
Desse var mannskap ombord i «Fram» på den vidare ferda:
- Thorvald Nilsen, Oberstløytnant og nestkomanderande, Kaptein på «Fram»
- Hjalmar Frederick Gjertsen, andrestyrmann
- Ludvig Hansen, ispilot og altmoglegmann
- Martin Richard Rønne, Seglmakar og navigatør
- Andreas Beck, matros og ispilot, døydde ombord i «Fram» i mars 1914
- Knut Sundbeck, maskinsjef
- Jacob Nödtvedt, andremaskinist, mønstra av i Buenos Aires september 1911, deltok og på andre Framferda
- Alexander Kutschin, oseanograf, mønstra av i Buenos Aires september 1911
- Karinius Olsen, kokk og snikkar
- Halvardus K. Kristensen, tredje-, seinare andremaskinist.
- J. Andersen, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911, mønstra av same stad september same år.
- A. Olsen, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911
- F. Steller, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911
- H. Halvorsen, matros, mønstra på i Buenos Aires januar 1911
- Sandvig, stuert, avmønstra i Funchal på Madeira september 1910
Kjelder
endre- Tor Borch Sannes: Fram Norsk Maritimt Forlag A/S 1989