Olav (Olavson) Bjaaland (fødd 5. mars 1873 i Morgedal, daud 8. juni 1961) var ein norsk langrennsløpar og polfarar. Han var ein av dei første fem som nådde Sørpolen på ekspedisjonen til Roald Amundsen i 1911.

Olav Bjaaland

Olav Bjaaland 1910
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1873
Morgedal
Død

8. juni 1961 (88 år)
Morgedal

Idrett kombinert, langrenn
Tok del i

Tredje Framferda

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Bjaalands foto av kameratane Roald Amundsen, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting på Sørpolen i desember 1911.

Liv og virke endre

Omkring hundreårsskiftet var Bjaaland av dei fremste skiløparane i Norge. Han representerte Morgedals IL i Telemark. I 1902 vann han kombinert i Holmenkollen, og fekk Kongepokalen. Han er òg bokført som vinnar av kombinert i klasse B i 1894. I 1909 vart Bjaaland saman med fem andre invitert til Frankrike for å konkurrere med dei fremste skiløparane i Europa. På denne turen møtte han Roald Amundsen som inviterte Bjaaland med på dem planlagde polarekspedisjonen.

Bjaaland var ei dugande tømrar og handverkar. Han stod bak ei ombygging av sledane brukt på ekspedisjonen frå 88 til 22 kilo uten særleg svekking av styrke og berekraft. I løpet av ekspedisjonen vart Bjaaland fleire gonger brukt i forkant som leiar for hundane. På grunn av skiteknikken sin etterlet han nær perfekt rette spor gjennom terrenget.

Ekspedisjonen til Amundsen nådde Sørpolen 14. desember 1911. Amundsen let Bjaaland gå først dei siste kilometrane mot det nøyaktige polpunktet som ei ære til ein stor skiløpar, og til Telemark som skisportens vogge. Olav Bjaaland var dermed første mann på polpunktet, ikkje Roald Amundsen. Bjaaland er likevel ikkje med på dei originale fotografia av gruppa på leiren på Sørpolen (fleire bilete er vel å merke teke frå leiren ca. 9 km. frå polpunktet), ganske enkelt fordi han var fotografen. Kameraet til Amundsen tålte ikkje kulda, så amatørkameraet til Bjaaland måtte gjere nytta. Bjaaland vart tildelt Sydpolsmedaljen.

 
Bjaaland fekk tildelt Sydpolsmedaljen

Bjaaland takka nei til å vere med på den nye ekspedisjonen til Amundsen gjennom Nordaustpassasjen.

Etter heimkomsten sin frå Sørpolen vart Bjaaland i 1912 tildelt Holmenkollmedaljen. Seinare returnerte Bjaaland til Telemark og starta eigen skifabrikk med pengar han fekk låne av Amundsen. Bjaaland døydde 8. juni 1961 som siste attlevande av dei fem som nådde Sørpolen den 14. desember 1911. Han fekk gravferd på statens kostnad.

Bjaalands skifabrikk i Kviteseid inngår idag som ein del av museumsanlegget og opplevingssenteret Norsk skieventyr i Morgedal.

Mount Bjaaland endre

I november 1911 kom ekspedisjonen forbi eit fjellmassiv med fleire toppar. Amundsen gav ein fjelltopp namnet Mount Bjaaland, etter Olav Bjaaland. Toppen av fjellet er nakent berg, og han ligg 2675 meter over havet. Toppen ligger i den søraustre delen av Amundsenbreen i Dronning Maudfjella. Fleire av toppene i massivet har seinare fått namn etter medlemmene på ekspedisjon.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre