Helmer Julius Hanssen (fødd 24. september 1870 i Bjørnskinn, død 2. august 1956 i Tromsø) var ein norsk polfarar og var ein av dei første fem som nådde Sørpolen på sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen.

Helmer Hanssen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. september 1870
Bjørnskinn
Død

2. august 1956 (85 år)
Tromsø

Yrke Fisker, selfangar, kaptein, polfarar, tollassistent og skipskontrollør
Helmer Hanssen på Commons
Helmer Hanssen nummer to frå venstre på bilete frå Sørpolen 14. desember 1911. Fotograf: Olav Bjaaland

Biografi endre

Hanssen var ein erfaren is-los etter at han hadde drive med selfangst i farvatna rundt Spitsbergen.

Frå 1903 til 1905 deltok Hanssen på ekspedisjonen til Amundsen som var den første til å segle gjennom Nordvestpassasjen. I løpet av ekspedisjonen lærde Hanssen av inuittane korleis ein skulle køyre hundeslede. I 1910 starta Hanssen, Amundsen, Olav Bjaaland, Sverre Hassel og Oscar Wisting ferda mot Sørpolen. Hanssen var teke med på grunn av den gode kunnskapen sin om hundekjøring og var i tillegg ansvarleg for navigering. Han hadde hovudkompasset på sleden sin, sleden var spesialkonstruert slik at han var utan stål som kunne ha påverka kompasset.

 
Hanssen vart tildelt Sørpolsmedaljen

Den 14. desember 1911 nådde ekspedisjonen polpunktet. På grunn av at Amundsen ville sikre seg at dei faktisk hadde nått polpunktet vart det gjort fleire målingar og blant anna Hanssen vart send ut for å sirkle inn polpunktet, sjå Polheim. På ein av desse turane er det i ettertid berekna at Hanssen på det minste var berre 60 meter frå sjølve polpunktet.

I 1919 var Hanssen kaptein ombord på «Maud». Denne gongen var Nordaustpassasjen målet. Ekspedisjonen starta frå Oslo 24. juni 1918. På denne ekspedisjonen vart tilhøvet mellom Amundsen og Hansen dårleg. Då ekspedisjonen nådde Nome i Alaska 27. juli 1920, vart Helmer Hanssen og andre av mannskapet sagt opp. Det er ikkje klårt kva som var årsak til brotet. Hanssen måtte ta seg jobb i Nome for å tene pengar til billetten heim.

Helmer Hanssen fortsette likevel med polarekspedisjonar. I 1924 var han hundekjørar for ein britisk ekspedisjon til Svalbard, og seinare kryssa han Nordaustlandet, den nest største av Svalbard-øyane. Han var òg med ein tysk filmekspedisjon til Svalbard og Grønland. Til slutt vart han skipskontrollør i Tromsø til han pensjonerte seg i 1940.

I 1906 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden «for kjæk sjømandsdaad».[1] Han mottok Fram-medaljen og Sydpolsmedaljen.

Då Hanssen døydde i 1956 vart han gjeve gravferd på statens rekning. Han vart gravlagt i Tromsø.

Helmer Hanssen i ettertid endre

Helmer Hanssen har fått vegar eller gater oppkalla etter seg i Trondheim og Stavanger og med skrivemåten Helmer Hansen i Narvik og Tromsø. Hanssen er avbilda på haleflaten på LN-NIB, ein av Norwegian Air Shuttle sine Boeing 737-800. Eit minnesmerke over Hansen vart avduka ved Polaria i Tromsø 14. desember 2011.[2] Ein bronsestatue i heilfigur utført av Per Ung viser Hanssen med slede og hundespann på Sørpolen.

Kjelder endre

  1. Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847–1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 505.
  2. «Minnesmerke av Helmer Hanssen». Norsk Polarinstitutt. Henta 8. april 2013. 

Bakgrunnsstoff endre