Manuel Chrysoloras

Manuel Chrysoloras (ca. 135515. april 1415) eller Emmanuel Chrysoloras var ein bysantinsk skriftlærd, mest kjend for å ha gjort klassisk gresk litteratur kjend i vestre Europa i den tidlege renessansen, og slik ha rydda vegen for vidare utvikling humanismen i Italia.

Manuel Chrysoloras

Statsborgarskap Austromarriket
Fødd 1355
Konstantinopel
Død

15. september 1415 (60 år)
Konstanz

Yrke filosof, omsetjar, skribent
Manuel Chrysoloras på Commons

Manuel vart fødd inn i ei høgtståande slekt i Konstantinopel, og gjekk i lære hjå Gemistus Pletho. Han var oppteken av klassisk gresk filosofi, og arbeidde mellom anna med Platon. I 1390 vart han send til Venezia på sendeferd for keisaren i Bysants, Manuel II Palaiologos, for å vinne stønad i kampen på Det osmanske riket. Her møtte han italienske vitskapsfolk, mellom dei Roberto Rossi. Andre i krinsen rundt Rossi reiste seinare attende til Konstantinopel med Manuel for å lære gresk. I 1396 bad Coluccio Salutati, kanslaren i Firenze, Manuel om å koma til byen å halde forelesingar om gresk litteratur og tenking. Han kom til Firenze i 1397, og dette fekk avgjerande tyding for utviklinga av humanistisk filosofi i renessansen. Av dei mest kjende elevane han fekk der, er Leonardo Bruni. Manuel underviste i Firenze i tre år, og etter dette reiste han til Bologna, og sidan til Venezia og Roma. Rundt han voks det fram eit intellektuelt miljø av seinare humanistar.

Manuel Chrysoloras levde dei siste åra sine vestpå. Han reiste til Paris i 1408, og var tiltrudd oppgåva å snakke for austkyrkja under kyrkjemøtet i Konstanz i 1415. Han døydde brått på vegen til dette møtet, og hendinga vart mint av samtidige historikarar.

Manuel omsette Platon og Homer frå gresk til latin. Han var og den første til å undervise i gresk i Italia på 700 år. Han skreiv ein gresk grammatikk til bruk ved vestlege universitet, og gjorde mykje for å atterreise kjennskapen til gresk som litteraturspråk. Verka hans vart seinare prenta og spreidde til nye generasjonar humanistar, mellom dei Erasmus frå Rotterdam.

Krinsen rundt Manuel Chrysoloras samla lærde italienarar som Leonardo Bruni, Coluccio Salutati, Giacomo da Scarperia, Roberto de' Rossi, Carlo Marsuppini, Pietro Candido Decembrio, Guarino da Verona, Poggio Bracciolini. Alle desse vart kjende med den greske litteraturen og tenkinga gjennom han, og dette hadde stor påverknad for utviklinga av humanismen.