Manuela Ramin-Osmundsen

fransk-norsk jurist og politikar

Manuela Myriam Henri Ramin-Osmundsen (fødd 15. juli 1963) er ein norsk jurist og politikar fødd i Antony i Frankrike[1]. Frå 18. oktober 2007 til 15. februar 2008 var ho statsråd og sjef for barne- og likestillingsdepartementet i Stoltenberg-regjeringa. Ho var den første ikkje-kvite statsråden i norsk historie.

Manuela Ramin-Osmundsen
Manuela Ramin-Osmundsen.jpg
Fødd15. juli 1963 (57 år)
Antony
Statsborgar avFrankrike, Noreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversité Panthéon-Assas
Høgskolen i Oslo
EktefelleTerje Osmundsen
VervBarne- og likestillingsminister 18. oktober 2007–14. februar 2008
FøregangarKarita Bekkemellem
EtterfylgjarAnniken Huitfeldt

BakgrunnEndra

Ramin-Osmundsen er utdanna cand. jur. frå Université Paris II i Frankrike, med EU-rett som spesialområde. Ho flytta til Noreg frå Frankrike i 1991, og har vidareutdanning innan spesialpedagogikk frå Høgskolen i Oslo.

Ho er gift med tidlegare personleg rådgjevar for statsminister Kåre Willoch, og tidlegare leiar i Unge Høgre, Terje Osmundsen.

Yrkeskarriere utanfor politikkenEndra

I perioden 1998–2002 leidde ho det statlege Senter mot etnisk diskriminering. Etter dette var ho assisterande direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) frå 2002 og direktør frå 17. mars 2006 til 22. mai 2006. Ho måtte trekkja seg som direktør fordi UDI under henne hadde gjeve opphaldsløyve til flyktningar som regjeringa meinte ein skulle senda heim. Ho arbeidde deretter som prosjektleiar i globalavdelinga i Utanriksdepartementet. I august 2007 starta ho i ny stilling, med ansvar for rekruttering i Manpower. Etter to månader i den nye jobben slutta ho for å tiltre som statsråd.

Politisk karriereEndra

Da ho tok over for Karita Bekkemellem som barne- og likestillingsminister, vart ho den første norske statsråden med ikkje-kvit hudfarge, og første statsråd med innvandrarbakgrunn på 21 år (forbrukar- og administrasjonsminister Astrid Gjertsen, 1981-1986, var innvandra frå Danmark). Ramin-Osmundsen innvandra til Noreg i 1991 frå Frankrike, og vart innvilga norsk statsborgarskap tidleg i oktober 2007.

Ved tilsetjinga av nytt barneombod i februar 2008 fekk Ramin-Osmundsen sterk kritikk for å ha halde attende informasjon om at ho kjende det nye barneombodet. 14. februar 2008 kunngjorde ho at ho på grunn av denne saka ville trekkja seg som statsråd. Ho fråtredde offisielt statsrådstillinga si i kongeleg statsråd fredag 15. februar 2008.

Frå juni 2014 var ho personalsjef i Miljødirektoratet. I desember 2018 vart ho tilsett som direktør for arbeid og inkludering i Drammen kommune.[2]

KjelderEndra

  1. «La Martinique s'attaque aux régions froides». 21. mars 2006. Henta 6. desember 2018. 
  2. «Drammen kommune ansetter Manuela Ramin-Osmundsen», www.dt.no (på norsk), 3. desember 2018, henta 7. november 2020 

BakgrunnsstoffEndra