Manumaurfugl
art av sporvefuglar
Manumaurfugl, Cercomacra manu, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er avgrensa til eit stort utbreiingsområde i Bolivia, Brasil og Peru. Det naturlege habitatet er tropisk våt låglandsskog.
Manumaurfugl | |
Manumaurfugl | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Manumaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Cercomacra |
Art: | Manumaurfugl C. manu |
Vitskapleg namn | |
Cercomacra manu |
Dette er ein fugl på 15 centimeter som lever spreitt i habitat av bambus dels inne i skog langs elveleie. Hannfuglen er mørkegrå, nær svart med tynne lyse vengeband og kvite band på undersida av halen. Hoa er lysare med brunleg overside.
Manumaurfugl liknar gråmaurfugl, men gråmaurfugl lever generelt i høgare område.
Kjelder
endre- Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Cercomacra manu. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. august 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av manumaurfugl hos Internet Bird Collection