Marañón
Marañón er ei 1 905 km lang elv i Peru, og ei av sideelvane til Amazonaselva. Ho er ei av dei viktigaste elvane i Peru og den fyrste hovudkjelda til Amazonaselva.[1]
Marañón | |||
elv | |||
Land | Peru, Ecuador | ||
---|---|---|---|
Sideelvar | Utcubamba, Cenepa, Santiago, Morona, Pastaza, Huallaga og Tigre m.fl. | ||
Lengd | 1 905 km | ||
Kjelde | Isbreen i Nevado de Yapura, Cordillera Huayhuash, Andes | ||
• høgd | 5 800 moh. | ||
Munning | Amazonaselva vest for Iquitos | ||
Marañón 9°59′19″S 76°40′57″W / 9.988631°S 76.682364°W | |||
Kart over Amazonas. Marañón indikert med lilla farge
| |||
Wikimedia Commons: Marañón River |
Elva har utspring i 5 800 meters høgd nær Cordillera Huayhuash ca. 160 km nordaust for Lima, renn gjennom ein stor del av Andesfjella i det nordlege Peru og tar imot fleire sideelvar, m.a. Utcubamba. Når ho møter Ucayali skiftar dei namn til Amazonaselva. På vegen ned gjennom høgfjellet til flat regnskog går elva gjennom fleire djupe gjel.
Elva er ein viktig del av romanen La Serpiente de Oro, av den peruanske forfattaren Ciro Alegría.
I 2024 fann ein domstol i Nauta i Peru at elva har visse grunnleggjande rettar, som retten til å vera del av økosystem og retten til å vera fri for ureining.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «PRESS RELEASE | Landmark ruling: The Peruvian Court of Nauta recognizes the rights of the Marañón River and the Indigenous communities as its guardians», International Rivers (på engelsk), 19. mars 2024, henta 22. oktober 2024