Luxembourg

(Omdirigert frå Luxemburg)
Grand-Duché de Luxembourg
Großherzogtum Luxemburg
Groussherzogdem Lëtzebuerg

(norsk: Luxembourg, luxemb(o)urgsk)

Det luxemb(o)urgske flagget Det luxemb(o)urgske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ons Heemecht»
Motto Mir wëlle bleiwe wat mir sin («Vi vil forbli det vi er»)
Geografisk plassering av Luxembourg
Offisielle språk Fransk, tysk, luxembourgsk
Hovudstad Luxembourg
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Henri av Luxembourg
Xavier Bettel
Flatevidd
 – Totalt
 
2 586 km² (170.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
594 130 (168.)
229,7 /km²
Suverenitet
Sjølvstende

1815
11. mai 1867
Nasjonaldag 23. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
56 580 mill. USD (102.)
102 900 USD (2.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +352
Toppnivådomene .lu


Storhertugdømet Luxemb(o)urg eller berre Luxemb(o)urg (luxembourgsk: Groussherzogtum Lëtzebuerg eller Lëtzebuerg, fransk: Grand-Duché de Luxembourg eller Luxembourg, tysk: Großherzogtum Luxemburg eller Luxemburg) er eit lite land i nordvest Europa. Landet grensar til Belgia i vest, til Tyskland i aust og til Frankrike i sør. Luxembourg har litt under ein halv million innbyggjarar fordelt på 2 586 km².

Luxembourg er eit parlamentarisk representativt demokrati med eit konstitusjonelt monarki styrt av ein storhertug. Det er det einaste gjenverande storhertugdømet i verda. Landet har ein langt utvikla økonomi og har det høgaste bruttonasjonalproduktet per innbyggjarar i verda. Området har vore strategisk og historisk viktig sidan romarane bygde ei festning her og frankiske grevar bygd ei borg her i tidleg mellomalder. Han var ein viktig bastion langs spanskevegenSpania var den største makta i Europa mellom 1300- og 1700-talet.

Luxembourg vart eit av dei opphavlege medlemslanda i EU, NATO, SN, Benelux og Den vesteuropeiske unionen. Byen Luxembourg, hovudstaden og den største byen i landet, er sete for fleire institusjonar og byr i EU.

Luxembourg ligg ved eit kulturelt skilje mellom det romanske Europa og det germansk Europa og har lånt vanar og tradisjonar frå fleire av landa rundt. Landet er eit trespråkleg land og fransk, tysk og luxembourgsk er alle offisielle språk. Sjølv om Luxembourg er ein sekulær stat er det hovudsakleg romersk-katolsk

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Luxembourgsk geografi.
 
Dei største byane er Luxembourg by, Esch-sur-Alzette, Dudelange og Differdange.

Luxembourg er eit av dei minste landa i Europa og det 175. minste av 194 sjølvstendige land i veda. Det har eit areal på 2 586 km² og er 82 km langt og 57 km breitt. I aust ligg Tyskland og bundeslanda Rheinland-Pfalz og Saarland, og i sør Frankrike og regionen Lorraine. Storhertugdømet grensar til Belgia og regionen Wallonia i vest og i nord.

Den nordlege tredjedelen av landet vert kalla Oesling og dannar ein del av Ardennane. Dette området er dominert av åsar og låge fjell, inkludert Kneiff som er det høgaste punktet med 560 meter over havet. Regionen er tynt folkesett og har berre ein by, Wiltz, med litt meir enn fire tusen innbyggjarar.

Resten av landet vert kalla Gutland og er meir tett folkesett. Dette er òg meir variert og kan delast inn i fem geografiske område. Luxembourgplatået i sør er stort og flatt og her finn ein mellom anna hovudstaden i landet. Litlesveits ligg aust i landet og har ulendt terreng og tette skogar. Moseldalen er det lågastliggande område og går langs den søraustlege landegrensa. Det raude landet ligg lengst sør og sørvest og er industriområdet i Luxembourg. Fleire av dei største byane i landet ligg her.

Tre elvar dannar grensa mellom Luxembourg og Tyskland, Mosel, Sûre og Our. Andre store elvar er Alzette, Attert, Clerve og Wiltz. Dalane til elvane Sûre og Attert dannar grensa mellom Gutland og Oesling.

Klima endre

Nordlege delar av Luxembourg består av dei skogkledde åsane i Ardennane og har mykje det same klima som Belgia med forholdsvis kjølige vintrar og milde somrar. Det regnar om lag halvparten av dagane i snitt, og om vinteren kan ein innimellom få snø når det er kaldt nok. Snødekket kan då gjerne ligge nokre veker. Ardennane skjermar derimot det meste av Luxembourg frå den milde havlufta frå Nordsjøen. Sørlege delar av landet er tørrare og har meir sol enn lenger nord. Lengst søraust ligg den skjerma Moseldalen, der sommaren og hausten ofte er varm nok til at ein kan dyrke vindruer.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Luxembourg» på Wikipedia på bokmål/riksmål.