Opna hovudmenyen

Zinédine Zidane

fransk fotballspelar
(Omdirigert frå Zinedine Zidane)

Zinédine Yazid Zidane (fødd 23. juni 1972 i Marseille) er ein tidlegare fransk fotballspelar. Han spelte for den spanske klubben Real Madrid og det franske landslaget og vart rekna som ein av dei beste på begge laga, og i verda generelt. Han har i fleire år fått tittelen årets spelar, og vert av mange sett på som ein av de beste spelarane gjennom tidene. Han var med på å sikre Frankrike gull både i VM 1998 og EM 2000.

Zinedine Zidane
Zinedine Zidane by Tasnim 03.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Zinédine Yazid Zidane
Fødselsdato 23. juni 1972
Fødestad Marseille i Frankrike
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Madrid (trenar)
Nummer 5 (Real Madrid)
21 (Juventus)
10 (Frankrike)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1989-1992 Cannes 61 (6)
1992-1996 Bordeaux 139 (26)
1996-2001 Juventus 151 (24)
2001-2006 Real Madrid 155 (37)
Totalt 506 (95)
Landslag
1994-2006 Frankrike 108 (31)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Zinedine Zidane var den første som brukte «zidane-finta», og vert rekna som skaparen av henne.

Med Real Madrid har han vunne Champions League i sesongen 2001/2002 og det spanske meisterskapet i 2002/2003.

Han har tidlegare spelt for den italienske klubben Juventus der han var med på vinne Serie A i 1996/1997. Før han kom til Juventus, spelte han for dei franske klubbene AS Cannes og Bordeaux.

Tre gonger har han vorte kåra til den beste fotballspelaren i verda (1998, 2000 og 2003). Han har fått utmerkinga som den nest beste spelaren nokon sinne i Europa (etter Johan Cruijff).

Zidane er muslim med algeriske røter. I tillegg til å utmerke seg som fotballspelar, har Zidane òg vist sterkt sosialt engasjement. Ein gong i året spelar han ein kamp der dei beste spelarane i verda deltar og inntektene går til fattige barn i Afrika.

Zidane fortalte 17. januar 2006 at han hadde bestemt seg for å legge opp etter fotball-VM i Tyskland, eitt år før kontrakten hans går ut.

Fotball-VM i 2006Endra

Zidane scora 3-1-målet for Frankrike mot Spania på overtid i åttandedelsfinalen i VM 2006 i Tyskland.

Frankrike kom til finalen mot Italia. Dette var ein særs jamn kamp som vart avgjort med straffespark. I andre ekstraomgang vart Zinedine Zidane utvist for å ha skalla ned motstandaren Marco Materazzi. Årsaka til skallinga skal ha vore at Materazzi snakka stygt om familien til Zidane fleire gonger. Dette er vorte stadfesta av begge under intervju[1]. Tass i dette kåra FIFA han til den beste spelaren i VM 2006.

Zidane fekk tre kampar karantene og 40 000 kr i bot. Sidan Zidane hadde lagt opp, foreslo franskmannen å gjere tre dagars arbeid for FIFA sine aktivitetar for barn og unge.[2]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Vg.no - Dette sa Materazzi til Zidane 18.08.07
  2. Bertil Valderhaug (10. juli 2006). «Ut i skam». Stavanger Aftenblad. Henta 16. juli 2006.