Marcus Buck

norsk statsvitar

Marcus Buck (7. september 196219. januar 2023) var ein norsk statsvitar. Han var førsteamanuensis ved UiT Noregs arktiske universitet .

Marcus Buck
Fødd7. september 1962
Død19. januar 2023
NasjonalitetNoreg
Yrkestatsvitar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materUniversitetet i Bergen
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Buck hadde hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og vart i 2006 dr.polit. ved Universitetet i Tromsø. Frå 1994 arbeidde han ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Buck var oppteken av konfliktlinjer, parti og val, demokratisering og komparativ forskingsdesign. Han var ekspert på politikk i Spania og har vore knytt til Universidad de Granada. Han har publisert både på norsk, spansk og engelsk. Buck har vore leiar i Norsk statsvitenskapelig forening.

Han var mykje brukt som valkommentator av NRK og vart ofte intervjua om norsk politikk og spanske tilhøve av norske medium.

Buck døydde av kreft 19. januar 2023.[1]

Kjelder endre

  1. Giske, Lars Adrian (19. januar 2023), «Statsviter Marcus Buck (60) er død», itromso.no (på norsk), henta 19. januar 2023 

Bibliografi endre

  • Publikasjoner av Marcus Buck i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin
  • Publikasjoner av Marcus Buck i BIBSYS
  • 2009 – Buck, Marcus: Democratisation: The Electoral Nexus, Köln: Lambert Academic Publishing. ISBN 978-3-8383-1800-4
  • 2008 – Buck, Marcus: «Los sistemas políticos nórdicos – La política de consenso como modelo propio?», s. 453-475 i Carlos de Cueto og Marién Durán (red.): Regímenes Políticos Contemporáneos – entre inmovilismo y cambio, Editorial Comares. ISBN 978-84-9836-442-2
  • 2007 – Buck, Marcus; Einar Berntzen og Leiv Marsteintredet: «La política comparada: a caballo entre historia y función», s. 1-24 i Marcus Buck og Carlos de Cueto Nogueras (red.): Manual de sistemas políticos, Editorial Comares. ISBN 978-84-9836-191-9
  • 2007 – Buck, Marcus: «Los sistemas políticos nórdicos – un modelo propio?», s. 383-400 i Marcus Buck og Carlos de Cueto Nogueras (red.): Manual de sistemas políticos, Editorial Comares. ISBN 978-84-9836-191-9
  • 2006 – Buck, Marcus, Helge O. Larsen og Tord Willumsen: Når folket får velge – Forsøkene med direkte valg av ordfører som deltakelses- og styringsreform, Oslo: Kommuneforlaget. ISBN 82-446-1227-4
  • 2005 – Buck, Marcus, Helge O. Larsen og Tord Willumsen og Mikal Lanes: «Direktevalg av ordfører: Demokratisk nyvinning eller mislykket eksperiment?», s. 102-121 i Jo Saglie og Tor Bjørklund: Lokalvalg og lokalt folkestyre, Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN 82-05-33941-4
  • 2005 – Broderstad, Else Grete og Marcus Buck: «Los Saami y la UE: los derechos indígenas y las limitaciones del estado-nación», s. 137-153 i Carlos de Cueto Nogueras (red.): Seguridad y diversidad en las sociedades contemporáneas, Madrid: Biblioteca Nueva. ISBN 84-9742-388-7
  • 2005 – Buck, Marcus: «The Exemplary Transition From Authoritarianism: Some Notes on the Legacy of Undemocratic Decision-Making in Spain», s. 1607-1635 i Stein Ugelvik Larsen (red.): Modern Europe After Fascism, New York: Columbia University Press. ISBN 0-88033-973-X

Bakgrunnsstoff endre

  • Markus Buck, profil ved UiT – Noregs arktiske universitet