Opna hovudmenyen

Marcus Frederik Steen Grønvold (5. juli 184510. oktober 1929) var ein norsk kunstnar. Han måla realistiske portrett og landskap.[1]

Marcus Grønvold
Marcus Grønvold Self Portrait.jpg
Fødd 5. juli 1845
Bergen
Død

10. oktober 1929
Forbundslandet Salzburg

Yrke kunstmålar
'Trapp i Rosendal Baroni (1903)

Grønvold var fødd i Bergen[2] som son av soknepresten Christian August Grønvold (1810–1889). Han var bror av målaren Bernt Grønvold og skulemannen, forfattaren og museumsmannen Didrik Grønvold.[3] Han studerte ved Kunstakademiet i København frå 1866 til 1869 og i München under Karl Piloty frå 1874 til 1877. Grønvold slo seg endeleg ned i München 1881. To av verka hans er i samlinga til det norske Nasjonalgalleriet.[2]

KjelderEndra

  1. Per Jonas Nordhagen. «Marcus Grønvold». Norsk kunstnerleksikon. Henta 15. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 Haverkamp, Frode Ernst (2007). «Marcus Grønvold». I Henriksen, Petter. Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 22. juni 2009. 
  3. Henriksen, Petter, red. (2007). «Grønvold». Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 22. juni 2009. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Marcus Grønvold