Bernt Borchgrevink Grønvold (fødd 1859 i Bergen, daud 7. november 1923 i Berlin)[1] var ein norsk kunstnar. Han var bror av målaren Marcus Grønvold og skulemannen og forfattaren Didrik Grønvold.[2]

Bernt Grønvold
Lovis Corinth Porträt des Malers Bernt Grönvolt 1923.jpg
Fødd 10. september 1859
Bergen
Død

7. november 1923
Berlin

Yrke kunstmålar, Kunstsamlar
Gårdshus av Bernt Grønvold, no ved KODE Kunstmuseer og komponisthjem

Grønvold dreiv både med sjanger-, portrett- og landskapsmåleri. Han var elev av Ludwig von Löfftz på akademiet i München i 1878 var Grønvold året etter av Wilhelm Lindenschmit. Frå 1883 virka han i Berlin, i 1887 var han i Paris, og i åra 1887–88 var han i Cornwall. Deretter budde han i Noreg fram til 1894. Han budde seinare i Bolzano og Berlin.[2]

Bernt Grønvold var også ein kunstsamlar og mesen. Han dreiv omfattande kunstforsking, særleg innan tysk kunsthistorie. Han henta fleire eldre tyske kunstnarar fram att.I 1896 gav han ut Friedrich Wasmann; ein deutsches Künstlerleben von ihm selbst geschildert.[2]

Det finst måleri av Grønvold i KODE Kunstmuseer og komponisthjem i Bergen, Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo og Ateneum i Finland.

KjelderEndra

  1. Svenska Dagbladets årsbok 1923
  2. 2,0 2,1 2,2 «Bernt Grønvold». Store norske leksikon. 21. oktober 2016.