Marcus Wandt
Hans Marcus Wandt (fødd 22. september 1980) er ein svensk ingeniør, jagarflypilot, oberstløytnant og astronaut i Den europeiske romfartsorganisasjonen.
Marcus Wandt | |||
| |||
Fødd | Hans Marcus Wandt 22. september 1980 Mora församling | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sverige, Noreg | ||
Yrke | romfarar, ingeniør, jagerpilot, flyvåpenoffiser | ||
Institusjonar | Den europeiske romfartsorganisasjonen | ||
Alma mater | Sundsta-Älvkullegymnasiet Chalmers tekniska högskola Militärhögskolan Karlberg | ||
Medlem | 2022 European Space Agency Astronaut group |
Bakgrunn
endreHan vart fødd i tettstaden Mora i Dalarnas län og voks opp på Hammarö utanfor Karlstad i Värmland.[1] Igjennom den norske mor si har han òg norsk statsborgarskap. Av denne grunn vart han i norsk presse omtala som svensknorsk.[2][3]
Karriere
endreWandt studerte ved Chalmers tekniska högskola frå 2000 til 2007, der han tok mastergrad som elektroingeniør. Han har òg gått igjennom befalsutdanninga på Militärhögskolan Karlberg.[4][5]
I 1999 vart han fallskjermjeger i det svenske forsvaret. I perioden mellom 2004 og 2013 var han jagarflypilot i Svenska flygvapnet. I 2006 etablerte han og vart direktør i selskapet Intuitech AB, som fokuserte på taktisk trening av jagarflypilotar. I 2014 byrja han som testpilot ved SAAB Aeronautics, og tiltredde i 2020 som sjef for testpilotane og leiar av flyoperasjonane same stad.[5][6][7]
Wandt vart teken opp som reserve i astronautprogrammet til ESA ved opptaket i november 2022. Frå 1. juni 2023 vart han innrullert i European Astronaut Corps som astronaut ved Den internasjonale romstasjonen (ISS).[5][8][9] Svenske styresmakter hadde saman med det svenske forsvaret og næringslivet finansiert ei kommersiell romferd i regi av Axiom Space (som har kalla prosjektet for «Axiom Mission 3»).[10] Ferda til og frå romstasjonen var det SpaceX som stod for.[11]
Den 18. januar 2024 vart Wandt den fyrste personen med norsk statsborgarskap i verdsrommet. Han vart òg den fyrste astronauten frå ESA på eit kommersielt oppdrag til ISS.[2][12][13]
Kjelder
endre- ↑ «Rymdstyrelsen Marcus Wandt». Henta 17. januar 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «Marcus Wandt er første med norsk statsborgerskap i verdensrommet», www.vg.no (på norsk bokmål), 18. januar 2024, henta 20. januar 2024
- ↑ NRK (22. september 2014). «Romfart og astronomi». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Sveriges nya astronaut». Rymdstyrelsen (på svensk). Henta 18. april 2023.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «ESA Marcus Wandt». Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Första steget mot rymden för Marcus Wandt». Rymdstyrelsen (på svensk). Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Marcus Wandt», Axiom Space (på engelsk), henta 20. januar 2024
- ↑ «Markus Wandt från Linköping kan få åka ut i rymden». SVT Nyheter (på svensk). 23. november 2022.
- ↑ «Marcus Wandt, 42, är Sveriges nya astronaut». www.aftonbladet.se (på svensk). 16. juni 2023. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Rymdstyrelsen Marcus Wandt Sveriges nya astronaut». Henta 17. januar 2024.
- ↑ «NASA Selects Axiom Space for Third Private Astronaut Station Mission» (på engelsk). NASA. 14. mars 2023. Henta 16. juni 2023.
- ↑ Brevig, Aleksander Nordengen (17. januar 2024), «Svensknorske Marcus (43) blir første nordmann i verdensrommet», NRK (på norsk bokmål), henta 20. januar 2024
- ↑ «Svensknorsk astronaut klar for romstasjonen», Norsk Romsenter (på norsk), henta 20. januar 2024
- Denne artikkelen bygger på «Marcus Wandt» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2024.