Mare Dibaba
Mare Dibaba Hurrsa (fødd 20. oktober 1989) er ein etiopisk langdistanseløpar som tevla i maratonløping. Ho vart verdsmeister 2015 i maraton.
Mare Dibaba | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 20. oktober 1989 (35 år) Oromiaregionen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Aktiv
endreI januar 2012 gjorde Dibaba personbeste med 2.19.52 då ho kom på tredjeplass i Dubai maraton. Denne tida tangerte ho då ho på nyåret 2015 sigra i Xiamen maraton. Seinare same året sprang ho inn til gullmedalje på maratondistansen ved Friidretts-VM i Beijing. Under dei olympiske sommarleikane 2016 kom ho i mål til bronse, 26 sekund bakom vinnaren frå Kenya.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mare Dibaba» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2022.