Brødskive er eit stykke oppskore brød som kan nyttast i eit eige brødmåltid eller som siderett til noko anna. Ei brødskive er vanlegvis tynn og flat og ein kan ha ulike smurningar eller pålegg oppå, eller ha mat mellom to skiver. Ho kan etast som ho er, ristast eller steikast. Brødskiver kan også nyttast til nistemat, smørbrød og sandwichar.

Brødskiver
Kone som skjærer brød (1879) av Christian Krohg.

Ein kan skjera opp brød etter behov heime, gjerne med ein eigen brødkniv; på butikk der ein kjøper brødet i brødskjeremaskin, eller industrielt, før det blir pakka inn og seld som ferdig oppskore brød.

Brødskiver i norsk kosthald endre

Brødskiver er svært vanlege i norsk kosthald. I ei undersøking i 2008 fann SIFO at åtte av ti nordmenn vanlegvis hadde brød til frukost og lunsj. Heimelaga matpakke med brødskiver er det vanlegaste lunsjmåltidet i Noreg i dag (2007). Det er derimot lite vanleg å eta brød til middag.[1]

Sidan mellomkrigstida har brødskiver erstatta graut og velling til dei to første måltida på dagen. Dei har også erstatta tradisjonelle norsk brødtypar som flatbrød og lefse i mange samanhengar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Annechen Bugge, Randi Lavik og Kjersti Lillebø (2008). «Nordmenns brød- og kornvaner - i stabilitet og endring». 
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.