Maria Riesch
Maria Riesch, gift Höfl-Riesch i 2011, (fødd 24. november 1984) er ein tysk tidlegare alpinist frå Garmisch-Partenkirchen som vann Verdscupen i alpine greiner 2011. Ho tok to gullmedaljar under Vinter-OL 2010 i Vancouver, og ein i Sotsji i 2014, dessutan vart ho verdsmeister i slalåm i 2009 og i superkombinasjon i 2013. Mellom 2007 og -14 vann ho ti medaljar (5-1-4) i OL og VM. Også hennar yngre syster Susanne Riesch har hevda seg på internasjonalt nivå i alpin skiidrett.
Maria Riesch | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 24. november 1984 (40 år) Garmisch-Partenkirchen |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpint under Vinter-OL 2014 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2010 – Slalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2010 – Kombinasjon kvinner, Alpint under Vinter-OL 2014 – Kombinasjon kvinner |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt |
Aktiv
endreStorvaksne Riesch, ho er 181 cm høg, forsynte seg grovt av medaljane i junior-verdsmeisterskapane 2001-04, der ho sanka ni medaljar, fem av dei i gull.
Det internasjonale gjennombrotet kom i 2004-sesongen. I januar og februar månad vann ho tre renn i verdscupen, eitt i kvar av greinene utfor, super-G og slalåm, og enda på tredjeplass i verdscupen i alpine greiner 2004.
Dei neste to sesongane sleit Riesch med skadar, både skulder- og kneskadar, og klarte ikkje å hevde seg i dei renna ho stilte i. 1. desember 2006 vann ho i kanadiske Lake Louise det fyrste utforrennet i verdscupen for sesongen, men makta ikkje å fylgje opp i resten av 2007-sesongen.
Riesch var tilbake i verdstoppen i 2008-sesongen. Ho vann to tevlingar i verdscupen og sikra seg FIS-pokalane for både super-G og kombinasjonsgreina. Totalt vart ho nummer tre i verdscupen i alpine greiner 2008. Dei to etterfylgjande sesongane vart ho nummer to i verdscupen, begge gongane bakom verdseinaren Lindsey Vonn frå USA. Begge desse sesongane vann ho pokalen som beste kvinnelege slalåmrennar.
Riesch vann slalåmtevlinga under VM i alpine greiner 2009 i Val-d’Isère, hennar fyrste internasjonale medalje på seniornivå. Året etter vart ho under Vinter-OL 2010 i Vancouver olympisk meister både i slalåm og i superkombinasjon. I Vancouver vart ho elles den fyrste kvinnelege alpinisten som plasserte seg mellom dei ti beste i samtlege fem OL-greinene.
I 2011 vann Riesch verdscupen i alpine greiner etter ein uvanleg tett strid med Lindsey Vonn. Ved sesongslutt stod Riesch med 1728 poeng, tre fleire enn Vonn. Gjennom sesongen vann ho seks verdscuprenn, men sigeren kom fyrst og fremst gjennom jamt godt prestasjonar i nær sagt alle dei fem greinene. Under verdsmeisterskapen 2011 heime i Garmisch-Partenkirchen tok ho bronsemedaljar i både utfor og super-G.
Riesch vann gullmedaljane i superkombinasjonen både under VM i alpine greiner 2013 og vinterleikane 2014 i Sotsji. Under VM i Schladming fekk ho elles bronsemedaljar i utfor, samt med Tysklands mix-lag i lagtevlinga. Medan ho i Sotsji sikra seg sølvmedaljen i super-G. Begge desse sesongane, 2013 og 2014, hamna Riesch på andreplassen i kampen om den store vinnarpremien i verdscupen i alpine greiner. Ho vann tre utforrenn i verdscupen 2014, og fekk dermed FIS-pokalen i den greina. Hennar 27. og siste siger i verdscupen kom i Cortina d'Ampezzo den 24. januar 2014. Ved sesongslutt la ho vekk konkurranseskia.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Maria Höfl-Riesch» frå Wikipedia på tysk, den 24. november 2014.