Opna hovudmenyen

Marianne Borgen (fødd 2. juni 1951 i Oslo) er ein norsk politikar (SV). Ho er ordførar i Oslo frå 2015.

Marianne Borgen
Marianne Borgen, Fredsmarsjen 2011.jpg
Fødd 2. juni 1951
Oslo
Yrke politikar, sosiolog
Marianne Borgen på Commons

Borgen er utdanna cand.sociol. med embetseksamen i sosiologi frå Universitetet i Oslo i 1979. I cand.mag.-graden hadde Borgen faga sosiologi, historie og tysk.

Borgen sat i bystyret allereie i perioden 1979-83. Ho hadde deretter pause fram til 1995, men har sidan hatt fast plass i bystyret. Borgen har tidlegare sete i finanskomiteen, og var òg SV sin ordførarkandidat til kommunevalet i 2007. Borgen er dessutan medlem i SV sitt internasjonale utval. Ho sit òg i styret for Aker universitetssykehus.

Borgen jobbar til dagleg i Redd Barna sitt Noregsprogram. Tidlegare har ho mellom anna vore avdelingssjef for Sosial- og familieavdelinga ved Fylkesmannen i Oslo og Akershus, konsulent i Kommunal- og arbeidsdepartementet og fagleg leiar ved Barneombudet sitt kontor.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra