Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet, tidlegare kommunal- og moderniseringsdepartementet, er eit norsk departement med ansvar for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) | |||
| |||
Offisielt namn | Gielda- ja ođasmahttindepartemeanta, Kommunal- og distriktsdepartementet | ||
---|---|---|---|
Type | Departement | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 29. oktober 1948[1] | ||
Org.nummer | 972417858 | ||
Statsråd | Erling Sande (Sp) | ||
Hovudkontor | Akersgata 59, Oslo | ||
Tilsette | 425 (2014)[2] | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | https://www.regjeringen.no/no/dep/kdd |
Departementet vart oppretta av regjeringa Solberg gjennom å fusjonere Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet. Departementet har lokale i Regjeringskvartalet, R5 og Akersgata 59.
Historie
endreKommunal- og regionaldepartementet vart oppretta i Einar Gerhardsen si andre regjering 20. desember 1948 som Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den første kommunalministeren var Ulrik Olsen. Frå 1990 til 1992 vart departementet kalla Kommunaldepartementet. Arbeidsavdelinga vart i 1997 overført til det som då vart Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Politisk leiing
endreStatsråd og leiar for departementet er kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) per 12.april 2022.