Opna hovudmenyen

Marianne Marthinsen

norsk politikar

Marianne Marthinsen (fødd 25. august 1980 i Jevnaker, Oppland) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Oslo i 2005 og attvald ved stortingsvalet 2009, 2013 og 2017. Ho var medlem av energi- og miljøkomiteen og Stortingets finanskomité.

Marianne Marthinsen
Marianne Marthinsen - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd 25. august 1980

Jevnaker

Parti Arbeidarpartiet

Martinsen er samfunnsøkonom utdanna ved Universitetet i Oslo og har arbeidsbakgrunn som pleiarassistent og journalist i Romerikes Blad og NRK. Ho var journalist i Romerikes Blad 1996-1997, internasjonal rådgivar i Arbeidaranes Ungdomsfylking 2002-2003 og redaksjonsassistent i NRK Nyheter 2003-2005.

Marianne Marthinsen har tidlegare vore leiar av Grorud AUF, styremedlem i Attac i Noreg og nestleiar i AUF i Oslo, i tillegg til varamedlem av landsstyre til AUF (2000-2001). Frå 2005 er ho leiar av Den Socialdemokratiske Forening, som vart starta av Christian Holtermann Knudsen i 1886.

FamilieEndra

Marthinsen er gift med Ståle Østhus.

StortingskomitearEndra

BakgrunnsstoffEndra