Marianne Rokne (fødd 9. mars 1978) er ein norsk tidlegare landslagsspelar i handball frå Bergen. Ho vann i tida 1999-2006 både VM- og EM-gull, VM-sølv og OL-bronse med Noreg.

Marianne Rokne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1978 (46 år)
Bergen
Yrke handballspelar
Høgd 178 centimeter

Aktiv endre

Klubbspel endre

Allereie 13 år gammal fekk Rokne trene med Tertnes IL sine beste spelarar, og 16 år gammal debuterte ho i toppserien. Den hardtskytande rykkrom-spelaren spelte så på Tertnes til 2003, og var i 2000 med på å spele laget til finale i EHF-cupen, der det enda med eittmålstap for Bergens-klubben. Frå 2003 til ho la opp i 2009, spelte Rokne seriehandball i Danmark med klubbane SK Århus, Aalborg og GOG Svendborg.

Landslagsspel endre

Rokne fekk sin landslagdebut i 1998. Ho var med på Noregs lag som vart verdsmeister under VM 1999 på heimebane, der ho var ein av tre norske spelarar som måtte sjå finalekampen frå tribuneplass. Året etter reiste ho heim med ein bronsemedalje etter Sommar-OL 2000 i Sydney. I desember 2001 vann ho VM-sølv i italienske Meran, der Noreg gjekk på eit femmålstap mot Russland i finalen. Etter VM i Italia måtte Rokne vente i fem år før ho på ny fekk spele i ein stor meisterskap. Grunna skade i troppen til EM 2006 i Sverige kom ho inn i laget etter turneringa var i gang. Her imponerte ho med sin skotstyrke og vart ein viktig spelar då Noreg gjekk heilt til topps og vart europameister. Rokne skåra fire av dei norske måla i ein finale som enda med norsk siger 27-24 over Russland. Ho spelte sin 101. og siste landskamp i 2007, og skåra 294 mål.

Merittar endre

Kjelder endre