Opna hovudmenyen

Ma'rib (arabisk مأرب) eller Marib er ein by og administrasjonssenter i Ma'rib guvernement i Jemen. Han var hovudstaden i det sabaeiske kongedømet, som somme forskarar meiner er Sjeba som er nemnt i Bibelen.[1] Han ligg kring 120 kilometer aust for hovudstaden i Jemen, Sana'a. Byen hadde i 2005 16 794 innbyggjarar. I 2011 vart Ma'rib omtalt som «Al Qaida-hovudstaden i Jemen».[2]

Ma'rib
by
Ancient Ma'rib 01.jpg
Ruinane av Gamle Ma'rib, som ligg sør for den moderne byen.
Land Flag of Yemen.svg Jemen
guvernement Ma'rib guvernement
Koordinatar 15°25′N 45°21′E
Folketal 16 794 (2005)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Marib

HistorieEndra

Det sabaeiske kongedømet låg der som Marib i dag ligg, nord i Jemen. Kongane hadde hovudsetet sitt i Ma'rib og bygde flotte vatningsanlegg, som Ma'rib-dammane, som det er synlege ruinar av i dag. Marib-dammen gav vatn til ein blømande kultur i meir enn tusen år, men kollapsa i 575 evt., før Muhammed og kan vere ei av årsakene til Arabia ikkje vart kristna.[3] Dei bygde òg borger og tempel i området, og var kjende for å handle med verdifull røykjelse[1] og myrra.[4] Dei var eit sjøfarande folk og påverka folket i det nrodaustafrikanske kongedømet Dʿmt, på andre sida av Raudehavet i Eritrea og Etiopia, den einaste andre kjende til både røykjelse og myrra.

I 25 fvt, leia Aelius Gallus «ein ekspedisjon til Ma'rib (Jemen).»[5]

Det gamle Ma'rib var i stor grad fråflytta på 1900-talet. Sjølv om ein liten landsby var att, låg dei fleire etasjar høge leirsteinsbygningane i den historiske byen i ruinar. Den moderne byen Ma'rib ligg kring 3,5 km nord for sentrum av den gamle byen.

OljeraffineriEndra

Jemen Oil Refining Company opna eit oljeraffineri i Ma'rib i 1986, som produserer 10 000 fat olje kvar dag (2009). I november 2009 annonserte selskapet ein avtale med det koreanske Shinhan om å utvide og oppgradere raffineri til å produsere 25 000 fat per dag.[6]

Ma'rib er starten på den 438 km lange Marib-Ra's Isa-oljerøyrleidninga, med ein kapasitet på 200 000 fat olje kvar dag.[7]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Saba / Sa'abia / Sheba». The History Files (http://www.historyfiles.co.uk). Henta 29. mai 2016. 
  2. http://www.gq.com/news-politics/newsmakers/201107/anwar-al-awlaki-profile
  3. Christianity, s.245
  4. Age of Faith, s. 156
  5. Chris Scarre, The Penguin Historical Atlas of Ancient Rome (London: Penguin Books, 1995), 9. (also Augustus' Res Getae 26)
  6. «الشركة اليمنية لتكرير النفط توقع اتفاقا مع شركة شينهان الكورية الجنوبية لتوسعة وتحديث مصفاة مأرب». CNBC عربية. Henta 29. mai 2016. 
  7. «Middle East Pipelines map - Crude Oil (petroleum) pipelines - Natural Gas pipelines - Products pipelines». Theodora.com/pipelines. Henta 29. mai 2016. 

BakgrunnsstoffEndra