Marie Østrem
Marie Østrem (6. juni 1890–1. juli 1983) var ei norsk kvinne frå Os i Hordaland. Ho er kjent for sitt arbeid med å hjelpa sovjetiske krigsfangar i Os kommune med mat og klede under andre verdskrigen.
Marie Østrem | |
Fødd | 6. juni 1890 Os |
Død |
Liv
endreMarie Østrem var fødd i Bergen i 1890 og vart gift med Reinholdt Østrem i 1909. Mannen fekk nokre år seinare jobb som smed ved Nesttun-Osbanen, ei smalspora jernbanelinje mellom Os og Nesttun i drift mellom 1894 og 1935. Ekteparet busette seg då på Os, på Fossheim ved Oselva, like nord for Osøyro.
Humanitært arbeid blant sovjetiske krigfangar
endreMarie var driven av kristen nestekjærleik i sitt arbeid for å hjelpa lidande medmenneske. Då ho fekk sjå dei forkomne krigsfangene komma til Osøyro 26. oktober 1942 skreiv ho i dagboka si:
- Tårene sprenger på [...] Og da jeg endelig går hjemover lover jeg meg selv at disse arme menneskene skal jeg forsøke å hjelpe det lille jeg kan. Jeg ber til Gud hele veien hjemover at han må gi meg styrke til dette arbeidet.[1]
Då den tyske leirsjefen Reddinger vart overført til teneste på Fjell festning i april 1943, begynte Marie Østrem for alvor sitt hjelpearbeid. Hausten og vinteren 1942-1943 vart ho klar over dei dårlege forholda krigsfangene levde under, ikkje minst gjennom den rømte fange som kalla seg «Leonid» (Ivan Trofimovitsj Pokinboroda).
Marie Østrem klarte å få dei seinare tyske leirsjefane til å godta at ho leverte mat og klede til krigsfangane, trass i at all kontakt mellom fangane og sivilbefolkninga var forboden. Ho gav inntrykk av å vera ei naiv kvinne og personleg kristen og dei tyske offiserane rekna ho for å vera ufarleg og upolitisk. Dette utnytta ho på kløktig vis til å få driva hjelpearbeid. Det var mange osingar som gav mat og klede, men det var berre Marie som hadde høve til å levera det vidare til fangeleiren på Haugsneset gjennom sin personlege kontakt med leirsjefane. Ho vart dermed organisatoren av hjelpearbeidet i bygda.
Heidra av Sovjet etter krigen
endreKrigsfangane var svært takksame for hjelpa og kalla henne for «Russkaja mama» ('Russisk mor'). Ho førte dagbok om opplevingane sine i heimbygda, og dokumenterte såleis det humanitære arbeidet sitt under okkupasjonstida. Delar av dagboka vart omsett til russisk og gitt ut som bok i Moskva i 1959 (Дневник "русской мамы"),[2] og seinare også på norsk på Eide Forlag i Bergen i 1962 (Marie Østrems dagbok). Arbeidet hennar og forholda blant krigsfangane i Os er også skildra i boka Forelebig udö! (2007) av historikaren Ole-Jacob Abraham.
Heimvende fangar brevveksla i årevis med Marie og Reinholdt Østrem. Somme av desse tok initiativ til å invitera ekteparet til Sovjetunionen, og i 1958 kom dei på offisielt besøk og vart heidra i Kreml for sin innsats under krigen for dei sovjetiske krigsfangene. Begge fekk tildelt Sovjetunionens orden for Fedrelandskrigen av 1. grad. Sovjetunionens president, Kliment Vorosjilov, heldt tale for dei i Kreml 11. november 1958.
Marie Østrem døydde 1. juli 1983.
Litteratur
endreOle-Jacob Abraham, "Forelebig udö!" Sovjetiske krigsfangar, norske partisanar og russaren "Nils", Kapabel Forlag, Bergen 2007
Marie Østrem, Marie Østrems dagbok, Eide Forlag, Bergen 1962
Marie Østrem, Дневник "русской мамы", Sovjetskaja Rossija forlag, Moskva 1959
Kjelder
endre- Os Folkebibliotek om Marie Østrem. Vitja 11.08.17 Arkivert 2017-08-12 ved Wayback Machine.