Opna hovudmenyen

Marija Dimitrova Vergova-Petkova (fødd 3. november 1950) er ein bulgarsk tidlegare diskoskastar frå Plovdiv. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både under Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1980 og EM 1982 og bronsemedaljen i VM 1983.

AktivEndra

Etter ha vorte nummer fire i sin internasjonale meisterskapsdebut i EM 1974, tok Marija Vergova andreplassen i diskoskastinga under dei olympiske sommarleikane i Montreal i 1976, einast Evelin Schlaak frå Aust-Tyskland kasta lengre. Den 13. juli 1980 i Sofia, straks føre Sommar-OL 1980 i Moskva, sette ho som Maria Vergova-Petkova ny verdsrekord med eit kast på 71,80 meter. I OL-finalen i Moskva eit par veker seinare vann ho OL-sølv nummer to, som i førre OL klart slått av austtyske Evelin Jahl, olympiameisteren sitt nye namn. Verdsrekorden stod elles i nesten tre år, til dess sovjetiske Galina Savinkova kasta 73,26 meter.

Under EM 1982 i Aten sikra Vergova-Petkova seg enno ein sølvmedalje, like framom Savinkova og 40 cm etter si eiga landskvinne Tsvetanka Khristova. Året vann Vergova-Petkova bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Helsinki, 2,5 meter bakom gullvinnar Martina Opitz og meteren bak sølvmedaljøren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra