Marijampolė er ein industriby og den sjuande største i Litauen med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg sør i landet ved Vištytissjøen og nær grensa til Polen og Kaliningrad oblast i Russland. Han er det litauiske senteret i regionen Sūduva. Byen er kalla opp etter Jomfru Maria.

Marijampolė
Horisonten til Marijampolė
Horisonten til Marijampolė
Flagget til Marijampolė Byvåpenet til Marijampolė
Flagget til Marijampolė Byvåpenet til Marijampolė
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Sudovia
Marijampolė fylke
Først nemnd
Byrettar
1667
1792
Geografi
Flatevidd 21 km²
Flatevidd
 - By

205,07 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

47 244
  230/km²
Koordinatar 54°34′N 23°21′E / 54.567°N 23.350°E / 54.567; 23.350
Høgd over havet 86 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: http://www.marijampole.lt/
Nettstad: www.marijampole.lt
Plassering
Plassering av Marijampolė
Plassering av Marijampolė

Frå 1955 til 1989, medan byen var ein del av Sovjetunionen, vart han kalla Kapsukas, etter Vincas Kapsukas, grunnleggaren av det litauiske kommunistpariet. Det gamle namnet vart gjeve tilbake då Litauen fekk tilbake sjølvstendet sitt.

Elva Šešupė deler byen i to delar som er forbunde via seks bruer.

Jernbanelinja Kaunas-Šestokai-Alytus går gjennom Marijampolė og avstanden til Vilnius er 139 km, medan hamnebyen Klaipėda ligg 231 km unna. Grensa til Polen ligg berre 38 km mot sør. Marijampolė ligg ved fleire viktige hovudvegar. Når Via Baltica står ferdig vil han gå frå Helsingfors og gjennom byen til Sentral- og Sør-Europa. Europeveg 28 går frå Kaliningrad til Minsk via Marijampolė .

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Marijampolė