Marina Kaljurand
Marina Kaljurand (fødd 6. september 1962 i Tallinn i Estland) er ein estisk diplomat som var utanriksminister frå 16. juli 2015 til 12. september 2016. Ho vart nominert av Det estiske reformpartiet, men er partipolitisk uavhengig.[1]
Marina Kaljurand | |||
| |||
Fødd | 6. september 1962 (62 år) Tallinn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Estland | ||
Parti | ingen (juni 2018) | ||
Yrke | badmintonspelar, diplomat, politikar, advokat | ||
Institusjonar | Tallinns tekniske universitet | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tartu The Fletcher School of Law and Diplomacy Tufts University Tallinn English College Estonian School of Diplomacy | ||
Ektefelle | Kalle Kaljurand | ||
Barn | Kaisa Kaljurand, Kristjan Kaljurand | ||
Alle verv |
Kaljurand arbeidde i det estiske utanriksdepartementet frå 1991. Ho var ambassadør til Israel 2004–06, til Russland 2006–08, til Kasakhstan 2007–11 og til USA 2011–14.[2]
I september 2016 gjekk Kaljurand av som utanriksminister for å stille som kandidat ved presidentvalet.[3]
Kjelder
endre- ↑ Minister of Foreign Affairs Marina Kaljurand, valitsus.ee. Besøkt 4. august 2015, arkivert frå originalen 23. juli 2015, henta 6. mars 2023
- ↑ «Estonian PM names Marina Kaljurand for Foreign Minister, bbn.ee. Besøkt 4. august 2015». Arkivert frå originalen 12. august 2015. Henta 4. august 2015.
- ↑ «Marina Kaljurand steps down as foreign minister, announces presidential candidacy». ERR. 9. september 2016. Henta 26. september 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Marina Kaljurand» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.