Opna hovudmenyen

Mowi (OSE: MOWI), før 2019 kjend som Marine Harvest[1] og før 6. februar 2017 som Pan Fish,[2] er eit norsk sjømatselskap med hovudkontor i Bergen. Selskapet er verdas største oppdrettar av atlantisk laks og sysselset over 13 000 personar.[3] Det har større føretak i Noreg, Skottland, Canada, Færøyane og Chile. Selskapet står for mellom 25 og 30 % av handelen med laks og aure på verdsmarknaden.[4][5] making it the world's largest company in the sector.[4][6]

Mowi ASA
Mowi ASA logo.svg
SelskapsformAllmenaksjeføretak
Org.nr.964118191
Skipa2006
DotterselskapMarine Harvest (Canada) Edit this on Wikidata
BransjeSjømat
ProduktAtlantisk laks
HovudkontorNoreg Bergen, Noreg
StyreleiarOle-Erik Lerøy
Adm.dir.Alf-Helge Aarskog
Tilsette13 233
Nettstadhttp://www.mowi.com

Selskapet fekk si noverande form etter ei stor utviding i 2006, då Pan Fish ASA fusjonerte med Marine Harvest N.V. og Fjord Seafood.[7]

HistorikkEndra

Selskapet er eit resultat av ein fusjon mellom Pan Fish, Fjord Seafood og Marine Harvest. I juni 2005 kjøpte Geveran Trading Ltd., eit selskap som blir kontrollert av John Fredriksen, majoriteten av aksjane i det norske oppdrettsselskapet Pan Fish. I løpet av hausten 2005 kjøpte Fredriksen også det nederlandske oppdrettsselskapet Marine Harvest. Samstundes starta han oppkjøp av aksjar i norske Fjord Seafood. Før sommaren 2006 hadde Pan Fish kontroll over aksjane i Fjord Seafood, og fusjonen mellom dei tre selskapa kunne starta. Det nye selskapet heldt på namnet Pan Fish i eit halvt år, før det 1. januar 2007 endra namn til Marine Harvest. Fredriksen er hovudeigar i selskapet, med ein eigardel på 13,8 prosent[8]. Frå 1. januar 2019 endra selskapet namn frå Marine Harvest til Mowi som eit ledd i selskapet sin merkevarestrategi.

VerksemdEndra

Selskapet tilbyr eit breitt spekter av sjømatprodukt, og produserer ein firedel av all oppdrettslaks og -aure i verda. Mowi driv verksemda si i 25 land, og har om lag 13 000 tilsette globalt. Mowi er notert på Oslo Børs og aksjen inngår i OBX-indeksen. Etter at tidlegare konsernsjef Atle Eide trekte seg 1. september 2007, vart selskapet mellombels leia av Leif Frode Onarheim. 1. mars 2008 overtok Åse Aulie Michelet som toppsjef i Mowi. Ho trekte seg overraskande tilbake 23. mars 2010, etter ynskje frå styret, ho vart erstatta med noverande konsernsjef er Alf-Helge Aarskog.

KjelderEndra

  1. «NewsWeb». newsweb.oslobors.no. Henta 8. januar 2019. 
  2. «MHG - New name and ticker today». Stocklink. 6. februar 2007. Arkivert frå originalen 2007-05-28. Henta 15. august 2007. 
  3. «mowi.com», mowi.com, henta 9. januar 2019 
  4. 4,0 4,1 «Annual Report 2006» (PDF). Marine Harvest. Henta 15. august 2007. 
  5. Stepek, John (10. juli 2006). «What do oil, salmon and plastic bags have in common?». Money Week. Arkivert frå originalen 1. desember 2008. Henta 8. oktober 2010. 
  6. «Chefs and food critics treated to Norwegian halibut». Norway - the official site in the UK. Arkivert frå originalen 2007-07-14. Henta 15. august 2007. 
  7. «Pan Fish ASA: First quarter 2006 - Foundation for the world's leading aquaculture company is laid» (Press release). Pan Fish ASA. 2006-05-31. http://www.huginonline.com/plsql/try/pressreleases.queryview?P_IDENTIFIER=1053368&Z_CHK=32060&p_la=5&p_web=5. Henta 2007-08-15. 
  8. «DN Investor», DN Investor, henta 9. januar 2019 

BakgrunnsstoffEndra