Opna hovudmenyen
Sjømattallerken.

Sjømat er alle matvarer som stammar frå livet i havet og tidvis også i ferskvatn, som fisk, skaldyr og blautdyr, etelege algar og tradisjonelt også havpattedyr og havskjelpadder. Sjømat kan etast rå, tilbereidd med varm eller kraftigare omarbeidd. Bruk av sjømat har tradisjonar tilbake til steinalderen, og har særleg vore viktig i kystnære område. Moderne transport og lagringsmetodar har utvida områda og tidsromma ein kan tilby sjømat i. Matgruppa utgjer ein viktig proteinkjelde i kosthaldet til mange menneske. Ein kan skaffa sjømat gjennom ulike typar fiske, sanking og fiskeoppdrett.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Abraham Hallenstvedt, «Fiskeri» (18. juni 2012), Store norske leksikon.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sjømat
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.