Mario Kart Wii

dataspel frå 2008

Mario Kart Wii (マリオカートWii Mario Kāto Wī) er eit resarspel for Wii, utvikla av Nintendo EAD og publisert av Nintendo. Det er det sjette spelet i Mario Kart-serien (sett bort ifrå dei to arkadespela), og det andre Mario Kart-spelet som tek Nintendo Wi-Fi Connection i bruk. Spelet vart lansert globalt gjennom april 2008, men eit år seinare i Sør-Korea. Til kvart eksemplar av spelet fylgjer det med eit Wii Wheel, som ein kan plassera Wii-fjernkontrollen inni for meir intuitiv og ordinær styring.

Mario Kart Wii

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Hideki Konno
Design(ar)Yasuyuki Oyagi (direktør)
Hideki Konno (produsent)
SerieMario Kart
Plattform(er)Wii
UtgjevingJP: 10. april 2008
EU: 11. april 2008
AUS: 24. april 2008
NA: 27. april 2008
SjangerResarspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar,
nettspel
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G
Medium1 Optisk Wii-plate
Stødde einingarWii-fjernkontroll, nunchuk,
klassisk kontroll,
GameCube-kontroll
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/wii/rmcj/
Del av serien Mario Kart
Mario Kart DS · Mario Kart 7

Nytt frå føregangaren, Mario Kart DS, femner motorsyklar og støtte for opp til tolv kappkøyrarar på nett. I likskap med dei andre spela i Mario Kart-serien går spelet ut på at forskjellige figurar frå dei mange Mario-spela køyrer om kapp på banar med tema frå ulike område i Mario-serien. Støtte for Nintendo Wi-Fi Connection lèt ein køyre om kapp med andre spelarar frå heile verda, og nett-tevlingar og resultat er tilgjengelege om ein festar Mario Kart-kanalen til Wii-menyen.