Dataspelet Mario Party

dataspel frå 1998
(Omdirigert frå Mario Party (video game))

Mario Party er eit selskapsspel utvikla av Hudson Soft og utgjeve av Nintendo til Nintendo 64. Spelet vart utgjeve i desember 1998 i Japan, og i februar og mars året etter i Nord-Amerika og Europa. Det er det første spelet i Mario Party-serien og vart etterfølgt av Mario Party 2 i 1999.

Mario Party
Utviklar(ar)Hudson Soft
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo Switch Online
Komponist(ar)Yasunori Mitsuda
SerieMario Party
Plattform(er)Nintendo 64
UtgjevingJP: 18. desember 1998
NA: 8. februar 1999
EU: 9. mars 1999
SjangerSelskap
Spelemodusfleirspelar, einspelar
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/n01/n64/software/nus_p_clbj/index.html
Del av serien Mario Party
Mario Party 2→

Mario Party har seks spelbare figurar og er presentert som eit tradisjonelt brettspel. Målsettinga i spelet er å samle stjerner innan den fastsette mengda turar, og vinnaren er den figuren med flest stjerner når spelet er over. Stjernene kan kjøpast med myntar, som kan vinnast ved å vere med minispel, som ein speler ein gong på slutten av kvar tur.

I Mario Party krev nokre av minispela at spelarane roterer den analoge stikka på Nintendo 64-kontrollen så fort dei klarer. Det er hevda at nokre spelarar skal ha fått blemmer, brennemerke og kuttskadar på hendene av å rotere den analoge stikka, ved å bruke handflatene i staden for tomlane.[1] Denne bruken av den analoge stikka i minispela vart tona ned i framtidige Mario Party-spel og Nintendo har ikkje gjeve ut det første spelet i serien på nytt gjennom Virtual Console, men hoppa i staden over til Mario Party 2, både på Wii og Wii U.

Kjelder endre

  1. «Gaming Can Seriously Damage Your Health». Eurogamer. 1. mai 2000. Henta 27. oktober 2020.