Marit Nyberg Birknes

(Omdirigert frå Marit Nyberg)

Marit Nyberg Birknes (fødd 17. mai 1974) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Perioden 1996-2002 vart ho fire gongar noregsmeister på 100 meter, åra 1996 og 1997 vann ho også NM-gull på 200 meter.

Marit Nyberg Birknes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1974 (49 år)
Idrett friidrett

Nyberg var medlem i Stovnerkameratene før ho som 15-åring byrja tevle for IL i BUL. Som BUL-løpar var ho i åra frå 1992 til 2000 med på å vinne 1000 meter stafett sju gongar i den norske hovudmeisterskapen. Til sist var ho medlem i SK Vidar. Individuelt i tida 1994-2002 tok ho fire gull-, to sølv- og to bronsemedaljar på 100 meter i noregsmeisterskap, samt to gull- og ein sølvmedalje på 200 m.

Med tida 11,59 sekund sprang Birkenes sitt livs beste 100 meter på Lillehammer den 24. august 1996. Den 14. juni 1997 i Tønsberg gjorde ho på 23,92 sekund unna sin raskaste 200 meter.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre