Marita Moltu

norsk politikar

Marita Moltu (fødd 31. august 1968) er ein norsk politikar for Partiet De Kristne og tidlegare Kristeleg Folkeparti. Frå 31. oktober 2011 var ho kommunalråd i Bergen kommune, nestleiar for oppvekstkomiteen i bystyret og gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti si bystyregruppe. Frå 2. oktober 2015 var ho varaordførar i Bergen kommune.[1]

Marita Moltu

Fødd31. august 1968 (55 år)
Sandnes kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKonservativt (august 2018), Kristeleg Folkeparti (mars 2018)
Yrkepolitikar

Ho var 1. vara for KrF til Bergen bystyre frå 29. oktober 2007 til 1. oktober 2009. Frå 1. oktober 2009 til 31. oktober 2011 møtte ho fast i bystyret og sat i bystyret sin komité for helse og sosial. I mars 2018 melde Moltu seg ut av KrF,[2] og i august inn i Partiet De Kristne.[3]

Yrkesbakgrunnen sin har Marita Moltu frå StatoilHydro.

Marita Moltu er gift med Tomas Martin Moltu, tidlegare byråd for barnehage og skule i Bergen, som også har vore aktiv i KrF.

Kjelder endre

  1. Varaordføreren - bergen.kommune 3. november 2014
  2. Paret som sender sjokkbølger inn i KrF. - Derfor meldte vi oss ut av partiet. - VG 6. mars 2018
  3. Forlater KrF for De Kristne - Bergens Tidende 9. august 2018