Equinor

norsk oljeselskap
(Omdirigert frå StatoilHydro)

Equinor, tidlegare Statoil, er eit børsnotert oljeselskap med den norske staten som hovudeigar. Selskapet har i fyrste rekkje aktivitet på norsk kontinentalsokkel i Nordsjøen. Det er eit integrert oljeselskap, med verksemd knytt til så vel oljeboring som sal av petroleumsprodukt og fornybare løysingar. Hovudkvarteret ligg på Forus utanfor Stavanger sentrum. Selskapet er det største firmaet i Noreg, målt etter omsetnad. Anders Opedal er konsernsjef i Equinor og har vore det sidan 2. november 2020.[1]

Equinor
Equinor.svg
Selskapsformallmennaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.923 609 016
Skipa14. juni 1972
DotterselskapEquinor Canada Sjå dette på Wikidata
EigarOlje- og energidepartementet, Folketrygdfondet, Nærings- og fiskeridepartementet Sjå dette på Wikidata
Bransjepetroleumsverksemd
ProduktOlje og gass, fornybar energi og lavkarbonløysingar
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorStavanger kommune Sjå dette på Wikidata
StyreleiarJon Erik Reinhardsen
Adm. direktørAnders Opedal
Tilsette20 000 Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.equinor.com
Den gamle logoen til Statoil på bensinstasjon i Estland.

HistorieEndra

Den norske stats oljeselskap A/S StatoilEndra

Den norske stats oljeselskap A/S Statoil (1972–2001) vart oppretta ved eit samrøystes vedtak i Stortinget den 14. juni 1972.[2] Den politiske motivasjonen bak vedtaket var ynske om ei norsk deltaking i oljeutvinninga frå starten av, gjennom eit statsselskap. Ein såg det som sentralt å byggja opp kompetanse kunne danna grunnlag for ein nasjonal oljeindustri. Frå føremålsparagrafen til statsoljeselskapet: Statoil skal selv, eller gjennom andre selskap, «drive undersøkelser etter og utvinning, transport, foredling og markedsføring av petroleum og avledede produkter».[3]

Så tidleg som i 1973 starta selskapet arbeid for å sikra seg petrokjemisk industri. Etter lobbyverksemd og oppkjøp sat Statoil i 1980 som heileigar av Rafnes-anlegget i Bamble kommune, i tillegg til delt eigarskap saman med Norsk Hydro i Mongstad-raffinerietMongstad. Norsk Hydro selde sin eigardel til Statoil. Statoil satsa sterkt på oppgradering av oljeraffineriet. Prosjektet enda med meir enn 100 % overskriding eller om lag 6 milliardar i ekstrarekning til staten.

Etter dette stod Statoil ansvarleg for fleire utbyggingsprosjekt. Dei største prosjekta var offshore produksjonsanlegg på Gullfaksfeltet, Sleipnerfeltet og Åsgardfeltet.

I første fase av Sleipner-utbygginga sokk den første plattforma til botnar og vart skrota. Åsgard-ubygginga gav kring 18 milliardar kroner i kostnadssprekk.[4]

År 2001 markerte eit skilje i norsk oljeindustripolitikk då staten delprivatiserte Statoil med eit sal av om lag 18 % av aksjekapitalen.[5]

StatoilHydroEndra

StatoilHydro (2007–2009) vart det nye namnet etter at Statoil vart fusjonert med Norsk Hydro si avdeling for petroleumsverksemd den 1. oktober 2007. Statoil-sjefen Helge Lund var framleis konsernsjef, medan Eivind Reiten frå Norsk Hydro vart styreformann. Reiten gjekk etter kort tid av som styreformann, og Marit Arnstad tok over. Ved fusjonen i 2007 hadde selskapet 31 000 tilsette i 40 land.

Den 1. november 2009 vart namnet endra til Statoil igjen.[6]

Statoil ASAEndra

Statoil ASA (2009–2018) vart namnet på det nye delprivatiserte, norskregistrerte olje- og gasselskapet. Statoil ASA fekk nokre skandaleoppslag, til dømes ei korrupsjonssak i Iran. Verksemda for drivstoff og detaljhandel vart skilt ut i eit nytt selskap Statoil Fuel & Retail og børsnotert frå 22. oktober 2010, der Statoil heldt 54 % av aksjene.[7] Det nye selskapet har rett til å bruke varemerket Statoil og drope-logoen fram til september 2019. I juni 2012 fekk Statoil Fuel & Retail ein ny majoritetseigar ved at det kandadiske Alimentation Couche-Tard kjøpte over 80 % av aksjene, inkludert alle Statoil sine aksjer i selskapet.[8]

I 2013 vart Statoil sitt anlegg i In Amenas i Algerie utsett for eit terroråtak der fire nordmenn vart drepne.[9][10]

EquinorEndra

Den 16. mai 2018 endra selskapet namn til Equinor. Det nye namnet skulle betre spegla deira utvikling og identitet for framtidige generasjonar.[11] Namnet skulle visa til selskapet si nye retning om å satsa på meir fornybar energi i tillegg til petroleumsverksemda.[12] Equi- skulle visa til «equal», «equality» og «equilibrium» (likskap, likeverd og balanse), og -nor skulle visa til Noreg/norsk. Namnet vekte oppsikt blant tilsette i selskapet og det norske folk.[13][14]

KjelderEndra

  1. «CVer for konsernets ledergruppe», www.equinor.com (på norsk), henta 11. desember 2022 
  2. «Vedtaket som endret Norge», www.equinor.com (på norsk), henta 11. desember 2022 
  3. «Equinor ASA» (bokmål). Regjeringen.no. Henta 11. desember 2022. 
  4. «Her er de store Statoil-smellene», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 
  5. NRK (31. juli 2008), «StatoilHydro blir historie», NRK (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 
  6. NRK (29. oktober 2009), «StatoilHydro blir Statoil», NRK (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 
  7. Statoil Årsrapport 2010 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., side 12. Henta 21. oktober 2012
  8. «Nå har Statoil solgt bensinstasjonene», www.dn.no, 19. juni 2012, henta 11. desember 2022 
  9. Svendsen, Roy Hilmar (25. januar 2013), «Statoil-ansatte bekreftet døde», NRK (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 
  10. NRK (31. januar 2013), «Angrep mot Statoil-anlegg i Algerie», NRK (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 
  11. «Vår historie», www.equinor.com (på norsk), henta 11. desember 2022 
  12. «Historien om et nytt navn», www.equinor.com (på norsk), henta 11. desember 2022 
  13. «Equinor-navnet klubbet gjennom: Nå er Statoil historie», e24.no (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 
  14. Akhtar, Syed Ali Shahbaz (15. mars 2018), «Navneendring til opp mot 250 millioner kroner», NRK (på norsk bokmål), henta 11. desember 2022 

BakgrunnsstoffEndra