Marius
mannsnamn
Marius er eit gutenamn med opphav i eit romersk slektsnamn, av latinsk mari, 'hav'.

Namnetrekket til Marius Petipa, ein fransk ballettdansar, pedagog og koreograf.
Marius har norsk namnedag 19. januar.
Byste av den romerske generalen Gaius Marius.
BrukEndra
Bruken av namnet i NoregEndra
Namnet var vanleg rundt førre hundreårsskiftet, men vart mindre brukt ut over 1900-talet før populariteten steig kraftig frå ca. 1970 og nådde ein topp midt i 1980-åra.
- I folketeljinga frå 1801 var det 23 gutar som heitte Marius.
- I 1900 var 3668 gutar listeførte med namnet Marius
- I 2008 hadde 13807 gutar Marius som første fornamn.
Kjende namneberararEndra
Generalen Gaius Marius var ein av namneberarane av det romerske slektsnamnet.
- Marius Petipa (1818–1910), fransk ballettdansar, pedagog og koreograf
- Marius Hægstad (1850-1927), norsk språkforskar
- Marius Müller (1958-1999), norsk musikar
- Marius Kjos (f. 1964), norsk dansar og koreograf
- Marius Almås Johansen (f. 1975), norsk kunstnar og tidleg gitarist frå Madrugada
- Marius Bakken (f. 1978), norsk friidrettsutøvar
- Marius Helle (f. 1983), norsk fotballspelar
- Marius Thorp (f. 1988), norsk golfspelar
- Marius Hagberg (f. 1989), norsk fotballspelar
Annan bruk av namnetEndra
- «Lille Marius» er hovudpersonen i romanen Gift av Kielland.
- Mariusgenseren vart eit svært populært strikkemønster i 1970-åra.
KjelderEndra
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 82-521-3604-4
- Søk etter norsk namnestatistikk for Marius hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet