Marjo Matikainen-Kallström

finsk politikar

Marjo Matikainen-Kallström (fødd 3. februar 1965) er ein finsk politikar og tidlegare langrennsløpar frå Lojo i Nyland i Finland. Sidan 2004 har ho representert det finske Samlingspartiet i Riksdagen. Langrennaren Matikainen vann to individuelle VM-gull og eitt stafettgull, i tillegg til eit OL-gull i 1988.

Marjo Matikainen-Kallström

Statsborgarskap Finland
Fødd 3. februar 1965 (59 år)
Lojo
Yrke politikar, langrennsløpar
Språk finsk
Høgd 174 centimeter
Politisk parti Samlingspartiet i Finland
Marjo Matikainen-Kallström på Commons

Virke endre

Politikk endre

Etter at Matikainen la opp som langrennar 24 år gammal, engasjerte ho seg poltisk for Samlingspartiet, eit parti som minner mykje om det norske Høgre. Ho vart i 1996 vald inn i Europaparlamentet, der ho representerte Samlingspartiet i åtte år. I 2004 forlet ho den europeiske arenaen då ho vart vald til nestleiar i Samlingspartiet og ved det finske riksdagvalet innvald i Riksdagen. Ho har sidan vorte attvald to gonger.

Langrenn endre

Sesongane 1986, -87 og -88 vann Matikainen verdscupen i langrenn for kvinner. Under ski-VM 1987 i Oberstdorf tok ho sølvmedaljen på 10 km og vart verdsmeister på den halve distansen. I OL-året 1988 kopierte ho sigeren på 5 km og vart olympisk meister, medan det vart bronse på 10-kilometeren i OL. Vinteren 1989 var det klart for verdsmeisterskap på ski i Lahti, der Matikainen sikra seg medaljar i alle dei fem langrennstevlingane for kvinner. Ho tok gull på 15 km og i 4x5 km stafett, sølv i 10 km i fristil, og fekk bronsemedaljar i 10 km klassisk stil og på den avsluttande tremila. Perioden 1984-89 vann ho fire OL-medaljar og sju VM-medaljar.

Kjelder endre