Rockette Morton
Rockette Morton (fødd 14. juli 1949 som Mark Boston)[1] er ein amerikansk musikar, mest kjend som bassist og gitarist for Captain Beefheart og The Magic Band i 1960- og 1970-åra.
Rockette Morton | |||
Rockette Morton på Zanzibar Club i Liverpool. 29. september 2012 | |||
Fødd | 14. juli 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salem i Illinois i USA | ||
Fødenamn | Mark Boston | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1963 | ||
Sjanger | Rock, alternativ rock | ||
Instrument | Bassgitar, gitar, klaverinstrument, korvokal | ||
Tilknytte artistar | Captain Beefheart Mallard Frank Zappa | ||
Verka som | Musikar |
Karriere
endreI 1963, etter han flytta til Lancaster i California, vart Boston med det framtidige Magic Band-medlemmet Bill Harkleroad (òg kjend som Zoot Horn Rollo) i eit band kalla B.C. & the Cavemen.
Han fekk kallenamnet «Rockette Morton» av Captain Beefheart etter han vart medlem i The Magic Band. Morton spelte på fem av albuma til Beefheart: Trout Mask Replica (produsert av Frank Zappa i 1969), Lick My Decals Off, Baby (1970), The Spotlight Kid (1972), Clear Spot (1972) og Unconditionally Guaranteed (1974). Han spelte opphavleg bass, men byta til rytmegitar etter den tidlegare Little Feat-bassisten Roy Estrada kom med i bandet.
I boka Lunar Notes: Zoot Horn Rollo's Captain Beefheart Experience fortalte gitaristen Bill Harkleroad om kranglar mellom Beefheart og medlemmar i bandet. Dette førte til at dei vart oppløyste i 1974, då Rockette Morton slutta for å skipe Mallard i lag med bandkollegaene John French, Bill Harkleroad og Art Tripp. Mallard gav ut to album, Mallard (1975) og In a Different Climate (1976). Etter dette bandet vart oppløyst heldt Morton fram i ulike band som gitarist og bassist.
Morton gav ut eit soloalbum, Love Space, i 2003.[2] Det vart spelt inn i musikkstudioet hans i Aiken i Sør-California.
Diskografi
endreCaptain Beefheart and the Magic Band
endre- Trout Mask Replica (1969)
- Lick My Decals Off, Baby (1970)
- The Spotlight Kid (1972)
- Clear Spot (1972)
- Unconditionally Guaranteed (1974)
Mallard
endreSolo
endre- Love Space (2003)
Gjesteartist
endre- Ant-Bee: Electronic Church Muzik (Barking Moondog, 2011)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rockette Morton» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Rockette Morton discography». RateYourMusic. Henta 24. juni 2018.
- ↑ «LoveSpace liner notes». CD Baby.
Litteratur
endre- Harkleroad, Bill (1998). Lunar Notes: Zoot Horn Rollo's Captain Beefheart Experience. Interlink Publishing. ISBN 0-946719-21-7.