Unconditionally Guaranteed
Unconditionally Guaranteed Studioalbum av Captain Beefheart og The Magic Band | ||
Utgjeve | April 1974 | |
Innspelt | 1974 | |
Studio | Hollywood Sound | |
Sjanger | Bluesrock[1] | |
Lengd | 31:14 | |
Selskap | Mercury (USA), Virgin (Storbritannia) | |
Produsent | Andy DiMartino | |
Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi | ||
---|---|---|
Clear Spot (1972) |
Unconditionally Guaranteed | Bluejeans & Moonbeams (1974)
|
Unconditionally Guaranteed er det åttande studioalbumet til Captain Beefheart og The Magic Band, utgjeve i 1974. Det vart spelt inn i Hollywood Sound i Los Angeles.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B–[2] |
Rolling Stone Album Guide (1992) | [3] |
Sounds | (middels)[4] |
Då det kom ut vart det kritisert for å vere for kommersielt, men det selde likevel ikkje særskild godt og nådde berre 192. plassen på Billboard Top 200 i USA.
Etterverknad
endreLike etter albumet vart spelt inn slutta heile Magic Band. Som biografen Mike Barnes skreiv «Beefheart fekk i røynda sparken i si eiga gruppe.»[5] Dei hadde blitt stadig meir avskrekka av mangelen på økonomisk suksess, etter å ha levd på matkort og donasjonar frå foreldra sine, og med den tyranniske kontrollen Beefheart hadde over gruppa. I følgje gitaristen Bill Harkleroad: «Me hadde fått nok av at han behandla oss som boksesekkar.»[6]
Den tamme og lite utfordrande musikken var dråpen i begeret. Trommeslagaren Art Tripp sa «Då bandet til slutt fekk kopiane våre av albumet var me forskrekka. Etter kvart som me lytta var det som om kvar song vart verre enn den før på plata.»[7]
Etter at kontrakten med Mercury Records tok slutt i 1974, fornekta Beefheart sjølv både denne og etterfølgjaren Bluejeans & Moonbeams. Han bad fansen om å «ta plata til butikken og få pengane attende» og kalla albuma «fryktelege og vulgære».[8]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Don and Jan Van Vliet and Andy DiMartino.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Upon the My-O-My» | 2:43 |
2. | «Sugar Bowl» | 2:13 |
3. | «New Electric Ride» | 3:02 |
4. | «Magic Be» | 2:55 |
5. | «Happy Love Song» | 3:54 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Full Moon, Hot Sun» | 2:19 |
7. | «I Got Love on My Mind» | 3:08 |
8. | «This Is the Day» | 4:51 |
9. | «Lazy Music» | 2:49 |
10. | «Peaches» | 3:20 |
Medverkande
endre- Captain Beefheart (Don Van Vliet) – vokal, munnspel
- Alex St. Clair – gitar
- Zoot Horn Rollo (Bill Harkleroad) – gitar, glasfingergitar
- Rockette Morton (Mark Boston) – bass
- Art Tripp – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Mark Marcellino – klaverinstrument
- Andy DiMartino – akustisk gitar
- Del Simmons – tenorsaksofon, fløyte
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Unconditionally Guaranteed» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Mason, S. (2011). «Unconditionally Guaranteed - Captain Beefheart & the Magic Band». AllMusic.com. Henta 26. april 2020.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ DeCurtis, Anthony (1992). The Rolling Stone Album Guide. New York: Random House. ISBN 0-679-73729-4.
- ↑ S.P. (2011). «Giant Step For The Captain – Unconditionally Guaranteed review». Captain Beefheart Radar Station. Henta 26. april 2020.
- ↑ Barnes, Mike (2000). Captain Beefheart. London: Quartet Books. ISBN 0-7043-8073-0.
- ↑ Harkelroad, Bill (1998). Lunar Notes. Wembley, Middx: SAF Publications. ISBN 0-946719-21-7.
- ↑ Froy, Steve (2006). «Art Tripp is Ed Marimba is Ted Cactus». Captain Beefheart Radar Station. Henta 26. april 2020.
- ↑ Weitzman, Steve (1975). «Zappa and the Captain Cook». Captain Beefheart Radar Station. Henta 26. april 2020.