Marko Pantelić
Marko Pantelić (fødd 15. september 1978 i Beograd) er ein serbisk fotballspelar. I 2010/11-sesongen spela han for Olympiakós i den greske fotballigaen, og det serbiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Марко Пантелић Marko Pantelić | ||
Fødd | 15. september 1978 | ||
Fødestad | Beograd i Jugoslavia | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Olympiakós | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1990-92 1992-96 |
Raude Stjerne Iráklis | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-96 1997-98 1998-99 1999-2000 1999 2000 2002 2003-04 2004-05 2005-09 2009-10 2010-13 |
Iráklis PSG Lausanne (lån) Celta Vigo Sturm Graz (lån) Yverdon-Sport (lån) Obilić Smederevo Raude Stjerne Hertha Berlin Ajax Olympiakós |
8 (4) 3 (0) 21 (14) 0 (0) 3 (0) 3 (0) 5 (0) 31 (13) 44 (26) 114 (45) 25 (16) 20 (9) | |
Landslag | |||
2003-06 2006- |
Serbia og Montenegro Serbia |
? (?) <38 (9) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. april 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 29. mars 2011 |
Pantelić flytta til Hellas med familien då han var 14 år gammal, og debuterte på A-lagsnivå med Iráklis frå Thessaloníki. Etter å ha spelt i mange ulike klubbar vende han heim til Serbia i 2002. I 2004 fekk han kontrakt med toppklubben i Beograd, Raude Stjerne. Hjå dei vart han toppskårar i ligaen i 2004/05-sesongen, med 26 mål. Etter denne sesongen drog han til utlandet igjen, denne gongen til Hertha Berlin i tysk Bundesliga. Han var Hertha sin toppskårar i 2006/07- (14 mål) og i 2007/08-sesongen (13 mål). Han hadde fire vellukka sesongar i Berlin, men fornya ikkje kontrakten sin i 2009. I staden drog han til Ajax i Nederland, der han skreiv under ein eittårskontrakt. Etter éin sesong der vende han attende til Hellas og Olympiakós, der han var med å vinna seriemeisterskapen i 2011.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 21. april 2010.