Markus Babbel

tysk fotballspelar

Markus Babbel (fødd 8. september 1972) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå München. Han vart europameister med Tyskland i 1996 og vann mellom anna UEFA-cupen to gongar og den tyske fotballserien fire gongar. Babbel var forsvarsspelar, og gjorde teneste i Bayern München 1991/92 og 1994-2000, Liverpool FC 2000-03 og VfB Stuttgart 2004/07. Også aktiv i Hamburger SV og Blackburn Rovers.

Markus Babbel

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 8. september 1972 (51 år)
München
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk tysk
Høgd 190 centimeter
Markus Babbel på Commons

Klubbspel endre

Babbel seriedebuterte med Bayern München i 1991/92, utan å kunne erobre fast plass i laget. Dermed gjekk turen til Hamburger SV, der han var fast på høgrebacken i to sesongar. Sommaren 1994 returnerte han til Bayern München og hadde stor suksess dei neste seks åra. Med Bayern vann han UEFA-cupen 1996, tre seriegull og to cuptitlar, dessutan spelte han meisterligafinalen 1999, ein kamp som enda med tap mot Manchester United. Sommaren 2000 vart han overført til engelske Liverpool FC, der han som midtstoppar hadde ei formidabel fyrste sesong med triumfar i ligacupen, FA-cupen og UEFA-cupen. I 2002 gjekk han lenge sjuk, og spelte så på Blackburn Rovers i 2003/04. Sommaren 2004 fekk han kontrakt med Stuttgart, eit lag der han tidvis måtte slite for å få mykje speletid, men som i 2007 gav han ein siste bundesligatittel før han la opp.

Landslagsspel endre

Babbel debuterte på det tyske landslaget i ein vennskapskamp mot Spania i februar 1995. Same hausten skåra han sitt einaste landslagsmål då han la på til sluttresultatet 4-1 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Georgia. Saman med fem lagkameratar frå Bayern München utgjorde han stamma i det tyske laget som sigra i EM-finalen 1996 med 2-1 over Tsjekkia på «golden goal». Under VM i fotball 1998 i Frankrike deltok han i berre to kampar. Han spelte sin 51. og siste landskamp då eit svakt tysk landslag tapte 0-1 mot England i innleiingsrunda ved EM i fotball 2000 i Belgia.

Merittar endre

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München og 2001 med Liverpool FC
  • Tysk seriemeister: 1997, 1999, 2000 med Bayern München og 2007 med VfB Stuttgart
  • Tysk cupmeister (DFB-cupen): 1998 og 2000 med Bayern München
  • Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 2001 med Liverpool FC
  • Finalist i meisterligaen: 1999 med Bayern München
  • Finalist i DFB-cupen: 1999 med Bayern München

Kjelder endre