Markus Rooth
Markus Rooth (fødd 22. desember 2001) er ein norsk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp. Han blei olympisk meister i tikamp i sommar-OL i 2024, fekk bronse i tikamp i U20-EM i friidrett 2019, og sette ny norsk U23-rekord i 2021 då han tok bronse i tikamp i U23-EM i friidrett 2021. Rooth representerer IK Tjalve.
Markus Rooth | |
Foto: Stein Langørgen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. desember 2001 (22 år) Oslo |
Idrett | mangekamp |
Tok del i | Sommar-OL 2024 |
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for Noreg | ||
Friidrett: | ||
Olympiske leikar | ||
Gull | Paris 2024 | Tikamp |
U23-EM i friidrett | ||
Gull | Esbo 2023 | Tikamp |
U20-EM i friidrett | ||
Bronse | Borås 2019 | Tikamp |
Nordisk juniormeisterskap i friidrett | ||
Bronse | Kristiansand 2019 | 110 mH |
Nordisk juniormesterskap i mangekamp | ||
Sølv | Jessheim 2018 | Tikamp U18 |
EYOF | ||
Sølv | Győr 2017 | 4x100 m |
Idrettskarriere
endreSesongen 2016
endreI UM i mangekamp innandørs 2016 kom Rooth på andreplass i sjukamp i G15-klassen med 3789 poeng, bak Oliver Engen.[1][2] Rooth deltok også i UM innandørs 2016, og kom der på tredjeplass i lengdehopp og høgdehopp.
Utandørs deltok han i Ungdomsmeisterskapen i mangekamp 2016, og kom der på andreplass i sjukamp. Han deltok i Världsungdomsspelen, og oppnådde blant anna ein tredjeplass i spydkast, fjerdeplass i kulestøt og femteplass på 80 meter hekk, i klassen G15. I ungdomsmeisterskapen i friidrett 2016 fekk han sølv i spydkast og bronse i høgdehopp, og han kom på fjerdeplass på 100 meter hekk (84 cm) og femteplass i lengdehopp.[3]
Sesongen 2017
endreRooth deltok i UM i mangekamp innendørs 2017, og vann der sjukamp i G16-klassen, med 4687 poeng. I mars deltok han i UM innendørs 2017, der han kom på andreplass i lengdehopp, tredjeplass i 60 meter hekk, fjerdeplass i stavsprang, femteplass i kulestøt og på 200 meter, og sjuandeplass på 60 meter.[4]
I NM i mangekamp 2017 deltok Rooth i G16-klassen, der han vann tikampen med 6377 poeng. Han deltok utanfor konkurranse[5] i nordisk juniormeisterskap i mangekamp 2017 i Finland, og scora der 6626 poeng i U18-klassen. Han deltok på det norske staffettlaget som fekk sølv på 4 x 100 meter stafett i Sommer-EYOF 2017 i Ungarn. I september deltok han i Ungdomsmesterskapet i friidrett 2017, der han fekk fem sølvmedaljer; han kom på andreplass på 100 meter hekk, i høgdehopp, lengdehopp, kulestøt og spydkast.[6]
Sesongen 2018
endreNM i mangekamp innendørs 2018 ble arrangert i Sandnes, og Rooth vant der U18-klassen. Han deltok i G17-klassen i UM i friidrett innendørs 2018, og vant der høydehopp og lengdehopp, og han fikk sølv i stavsprang og i kulestøt.[7]
Rooth vann G17-klassen i NM i mangekamp 2018 med 6879 poeng, og blei tatt ut til å representere Noreg i Nordisk juniormeisterskap i mangekamp 2018, der han fekk sølv i U18-klassen bak Carl af Forselles frå Sverige. I Världsungdomsspelen fekk han tre medaljar i G17-klassen; gull i spydkast, sølv i lengdehopp og bronse i kulestøt. I juli deltok han i U18-EM i friidrett 2018, og kom der på sjuandeplass i tikamp med ny personleg rekord i tikamp for gutar på 7253 poeng. Han deltok også i Nordisk juniormeisterskap i friidrett 2018, der han kom på femteplass i lengdehopp. I ungdomsmesterskapet i friidrett 2018 vann han spydkast og 110 meter hekk, og han fekk til saman fire sølvmedaljar.[8]
Sesongen 2019
endreRooth sette fleire personlege rekordar i NM i mangekamp innendørs 2019, med bl.a. 7,20 på 60 meter og 4,70 i stavsprang, og han vann klassen Junior 18/19 med norsk juniorrekord i sjukamp med 5506 poeng. Han deltok også i G18/19-klassen i UM i friidrett innendørs 2019, der han vann kulestøt og 60 meter hekk.
Rooth sette personleg rekord på 100 meter i Arcadia Invitational i California i april, der han vann tikampen i U20-klassen. I U20-EM i friidrett 2019 kom han på tredjeplass i tikamp, med personleg rekord på 7692 poeng. Han løp der 400 meter under 50 sekund for fyrste gong, og løp denne distansen på 49,69 sekund. I NM i friidrett 2019 kom han på fjerdeplass på 110 meter hekk, og i nordisk juniormeisterskap i friidrett 2019 kom han på tredjeplass på 110 meter hekk, femteplass i lengdehopp og åttandeplass i kulestøt. Han deltok i U20-klassen i Junior-NM i friidrett 2019, og fekk der gull på 110 meter hekk og bronse i stavsprang, og han kom på fjerdeplass i kulestøt og femteplass i diskos og spydkast.[9]
I september deltok Rooth i Ungdomsmeisterskapen i friidrett 2019, i klassen G18/19, og vann der stavsprang, spydkast og 110 meter hekk, og han fekk sølv i høgdehopp, lengdehopp og diskos, i tillegg til bronse i kulestøt.
Sesongen 2020
endreNM i mangekamp innandørs 2020 blei arrangert i Hvam i Nes kommune, og Rooth vann der sjukamp i junior G18/19-klassen med 5798 poeng, som var norsk juniorrekord.
I juni deltok Rooth i Boysen Memorial på Bislett stadion, og sette der ny personleg rekord i tikamp og sju av enkeltøvingane. Han fekk 8238 poeng, som er norsk juniorrekord, og plasserte han på andreplass på juniorstatistikken nokonsinne. Per juni 2020 hadde Niklas Kaul juniorverdsrekorden, som då var på 8435 poeng.[10]
Sesongen 2021
endreI 2021 tok Rooth ein bronsemedalje i tikamp i EM i U23-klassen. Han fekk til saman 7967 poeng i denne meisterskapen, og sette dimed norsk U23-rekord. Den gamle rekorden blei sett i 1982 av Trond Skramstad med 7801 poeng.
Sesongen 2022
endreRooth starta sesongen 2022 med å setje norsk rekord i tikamp med 8307 poeng i konkurransen Multistars i Grosseto i Italia.[11]
Sesongen 2024
endreUnder OL i Paris 2024 vann Rooth tikampen med 8 796 poeng, med følgjande resultat: 100 meter: 10,71 sekund (pers), 400 meter: 47,69 sekund (pers), høgdehopp: 1,99 meter, lengde: 7,80 meter, kulestøt: 15,25 meter, 110 meter hekk: 14,25 sekunder, stavsprang: 5,30 meter (pers), diskos: 49,80 meter, spydkast: 66,87 meter (pers) og 1500 m 4.39,56.[12][13]
Familie
endreMarkus Rooth si yngre syster Kajsa Rooth og kusina Andrea Rooth er også friidrettsutøvarar og del av friidrettsfamilien Rooth frå Lambertseter.[14][15]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Markus Rooth» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2024.
- Referansar
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater innendørs 2015/2016 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater innendørs 2015/2016 : Oliver Engen». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater utendørs 2016 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater innendørs 2016/2017 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ Time4results.com - Men U18 Decathlon, besøkt 29. juni 2020.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater utendørs 2017 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater innendørs 2017/2018 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater utendørs 2018 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ «Utøverstatistikk : Resultater utendørs 2019 : Markus Rooth». www.minfriidrettsstatistikk.info. Norges Friidrettsforbund. Henta 10. august 2021.
- ↑ Skjerdingstad, Anders (28. juni 2020). «Norsk junior nær sensasjon – nest best i verden gjennom tidene». NRK (på norsk bokmål). Henta 10. august 2021.
- ↑ Langeveld, Espen (1. mai 2022). «Stjerneskudd satte norsk rekord og smadret EM-kravet: – Helt surrealistisk». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. mai 2022.
- ↑ «Klokken 21.45 løper den norske sensasjonen for gull». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 3. august 2024. Henta 3. august 2024.
- ↑ «Markus Rooth med bragd i Paris: OL-gull i tikamp». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 3. august 2024. Henta 3. august 2024.
- ↑ «Norges nye friidrettsfamilie: – Alle tre har en likhet med Gjert». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 10. august 2021.
- ↑ Nordstrands Blad - Full fart med familien Rooth, besøkt 29. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Min friidrettsstatistikk - Markus RoothDenne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.