Marmorøen

(Omdirigert frå Marmorøyen)

Marmorøen er ei øy på austsida av NordåsvatnetHop i Fana bydel i Bergen. Øya er kalla opp etter eit marmorbrot som kom i gang her i 1702. Tidlegare vart øya kalla Hopsholmen.

Øya høyrte i fleire generasjonar til familien Lillienskiold og marmor frå her vart sendt til København, mellom anna til Christiansborg slott i København i 1730-åra. I 1740-åra vart meir marmor sendt til København og Marmorkirken. Det vart bygd to marmorsager i Hopsfossen like ved. Drifta vart lagt ned i 1750-åra og fram til Werner Christie kjøpte øya og drifta i 1775. Etter 1816 vart det henta ut lite marmor og drifta vart innstilt for godt i 1850-åra.

I seinare tid har øya og holmane rundt vore ein ynda stad for badeliv og båtcamping i Nordåsvatnet, og det går fleire gangbruer mellom holmane.

Marmorøen har gjeve namn til Marmorneset like innanfor.

KjelderEndra

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.