Marmorkyrkja

(Omdirigert frå Marmorkirken)

Koordinatar: 55°41′5.7840″N 12°35′21.797″E

Marmorkyrkja (Frederikskyrkja) er ei kyrkje som ligg i Frederiksstaden i København. Kyrkja har ei bygningshistorie på om lag 150 år bak seg. Grunnsteinen vart lagd ned av kong Fredrik V 31. oktober 1749 og ho vart innvigd 19. august 1894.[2]

Marmorkyrkja
Frederikskyrkja
kyrkje
Marmorkirken Copenhagen front.jpg
Foto: Ib Rasmussen
Stad Frederiksstaden i København
Arkitekt Nicolai Eigtved, Nicolas-Henri Jardin og Ferdinand Meldahl
Material Marmor
Innvigd 19. august 1894
 - Endringar 1749–1770 og 1877–1894
Kyrkjegard Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I norsk marmor og teikna av arkitekt Emanuel Monberg
Døypefont To døypefontar; ein dåpsengel i bronse av Stephan Sinding og ein marmorfont av Joakim Skovgaard. Døypefonten til Sinding er ikkje nytta lenger og er stilt ut i museet tilknytt kyrkja.
Altartavle Altartavle i furu og stukk dekorert som marmor. Teikna av Meldahl og laga av bilethoggar Hans Christian Petersen, staffering av målaren C. N. Overgaard.
Orgel Marcussen & Søn-orgel frå 1963 med 51 stemmer
Sitjeplassar 900[1]
Diverse På takterrassen står det 18 skulpturar i sink og i gatehøgde rundt kyrkja 14 i bronse av danske kyrkjefedre frå Ansgar til Grundtvig og Kierkegaard.
Kart
Marmorkyrkja
55°41′6″ N 12°35′22″ E
Wikimedia Commons: Marmorkirken

Kyrkja er bygd i den stilarten som vert kalla historismen, og vart opphavleg planlagd som ein del av Amalienborgaksen med Amalienborgslotta og slottsplassen i Frederiksstaden for å feire fyrstehuset Oldenburgs 300 år på den danske trona.[3]

Nicolai Eigtved hadde det overordna ansvar og leverte sjølv utkast til kyrkja, men ingen av dei blei nytta.[4] Etter at Eigtved dødde i 1754 fekk Laurids de Thurah ansvaret. Han dødde i 1759 og den franske arkitekten Nicolas-Henri Jardin tok då over.[5] Jardin endra dei opphavlege planane og teikna ei klassisistisk kyrkje i norsk marmor. [6] Bygginga tok til og pågjekk i fleire år inntil ho vert stoppa av økonomiske grunnar av Johann Friedrich Struensee i 1770. Byggverket var da 19 meter høgt og blei liggande som ein ruin.

I 1874 kjøpte forretningsmannen Carl Frederik Tietgen ruinen av Finansministeriet og forplikta seg til å fullføre kyrkja. Han engasjerte arkitekt Frederik Meldahl som ut frå det gjenverande skapte ei kyrkje inspirert av Peterskyrkja i Roma.[6]

ReferansarEndra

  1. Kirkehistorie.dk
  2. Rids af Marmorkirkens historie Arkivert 2012-04-25 ved Wayback Machine. frå Marmorkyrkjas heimeside
  3. Frederiksstaden frå Dansk Arkitektur Center
  4. Nicolai EigtvedKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  5. Frederiksstaden Arkivert 2013-12-19 ved Wayback Machine. frå Jens Fleischer: København. Kulturhistoriek opslagsbog med turforslag
  6. 6,0 6,1 Marmorkirken frå Dansk Arkitektur Center