Marsfiol
Marsfiol (Viola odoráta) er ein plante i fiolslekta som blir opp til 7 cm. høg. Han blømer om våren med store mørkblå blomstrar som luktar godt. Blad og blomsterskaft dannar ein rosett ved bakken. Han har òg små blad på blomsterskaftet. Seinare kjem det blomstrar som ikkje opnar seg, men sjølvpollinerar. Desse har korte skaft og bøyer seg mot marka. Fruktene på desse blir modna på eller i molda. Plantar som har to slags frukt, på marka og i lufta, blir kalla amfikarpe. Eit anna døme er gaukesyre. Frøa til marsfiolen blir spreidde av maur. Planta formeirar seg også vegetativt med lange tæger, og kan danne store koloniar.
Marsfiol | |
Marsfiol | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Fiolfamilien Violaceae |
Slekt: | Fiolslekta Viola |
Art: | Marsfiol V. odorata |
Vitskapleg namn | |
Viola odorata |
I Noreg er marsfiol ein forvilla hageblomster som finst rundt Oslofjorden, sør til Arendal. Det er òg førekomstar ved Mandal og Stavanger.
Galleri
endre-
Nærbilete av blomsteren.
-
Marsfiol. Sjå særleg korleis rosetten med blad- og blomsterskaft går av frå tægene, og dei små blada på blomsterskaftet.Foto: Kjetil Lenes
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
- C. A. M. Lindman: Nordens flora. Oslo 1977.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Marsfiol hos Artsdatabanken
- (en) Marsfiol i Encyclopedia of Life
- (en) Marsfiol i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Marsfiol hos Dyntaxa
- (en) Marsfiol hos ITIS
- (en) Marsfiol hos NCBI
- (en) Marsfiol hos The International Plant Names Index
- (en) Marsfiol hos Tropicos
- (en) Kategori:Viola odorata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Viola odorata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Viola odorata – detaljert informasjon på Wikispecies