Marshall Grant
amerikansk gitarist
Marshall Garnett Grant (5. mai 1928–7. august 2011) var ein USA-amerikansk kontrabassist og bassgitarist, og spelte i den originale duoen som akkompagnerte Johnny Cash, The Tennessee Two, der Grant og gitaristen Luther Perkins spelte. Gruppa vart The Tennessee Three i 1960 i lag med trommisen W.S. Holland. Grant var òg turnémanager for Cash og turnéselskapet hans.
Marshall Grant | |||
Fødd | 5. mai 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bryson City i Nord-Carolina | ||
Død | 7. august 2011 (83 år) | ||
Dødsstad | Jonesboro i Arkansas | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Country, rock and roll, rockabilly | ||
Instrument | Kontrabass, bassgitar, rytmegitar | ||
Tilknytte artistar | Johnny Cash, The Tennessee Two og The Statler Brothers | ||
Plateselskap | Sun Records | ||
Verka som | Bassist |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marshall Grant» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: